Til fjells for å gjera seg kjend

Det gror på Hjeltnes gartnarskule både i elevtal og i hagar.

Den sosiale sida av ein skule er svært viktig. Dersom ein ikkje trivest, kan ein korkje læra eller gjera noko fornuftig. Det sosiale miljøet er ein av styrkane til Hjeltnes gartnarskule der elevane bur og lærer heile døgeret. Likevel er det særleg under ”ekstreme tilhøve” at ein vert best samansveisa.

Difor drog elevar og tilsette denne veka til fjells for å verta betre kjende. Det har vore tradisjon med ein tur til Mjølfjellområdet, anten i Slondal der skulen har hytter, eller til Mjølfjell ungdomsherberge. Dei siste par åra har skulen fått leiga ”Katteli” av Bergen katedralskule.

Ingrediensane er sosialt samvær med song og musikk, grilling og aktivitetar i Slondal. Dei alle største kanonane går over fjellet til Ulvik, ein tur som tek om lag seks timar. Denne gongen var vêrgudane sure på oss, men det var ingen sure miner å sjå mellom deltakarane!

Les også

Siste fra Lokalt

Planla flukt med småfly til Serbia

På Youtube hadde han lært å fly småfly. Med det kunne han komme seg til Serbia. Slik planla Anders Behring Breivik flukten.

Krever 90 millioner for omstridt hus

Etter å ha leid ut ulovlig i flere år, kan Thomas Jellestad Jensen tjene flere titalls millioner kroner på eiendommen.

Her vil de bygge Norges lengste bro

Prisen er tre milliarder kroner.

- Vi er avhengige av
at bilene får kjøre her

Butikkene på Strandkaien blomstrer etter at gravingen over.

Her heiser de opp forsikringsselskapets bil

- Veldig rart, sier skadedirektøren.

Relaterte bilder

Skulen hadde med sin eigen gitarduo. FOTO: Steinar I. Bergo

Det skal ein del mat til svoltne ungdommar. Grillgjengen i full aktivitet. FOTO: Steinar I. Bergo

Katteli, bygt i 1954 og tilhøyrer Katten i Bergen. FOTO: Steinar I. Bergo

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger