Den sosiale sida av ein skule er svært viktig. Dersom ein ikkje trivest, kan ein korkje læra eller gjera noko fornuftig. Det sosiale miljøet er ein av styrkane til Hjeltnes gartnarskule der elevane bur og lærer heile døgeret. Likevel er det særleg under ”ekstreme tilhøve” at ein vert best samansveisa.

Difor drog elevar og tilsette denne veka til fjells for å verta betre kjende. Det har vore tradisjon med ein tur til Mjølfjellområdet, anten i Slondal der skulen har hytter, eller til Mjølfjell ungdomsherberge. Dei siste par åra har skulen fått leiga ”Katteli” av Bergen katedralskule.

Ingrediensane er sosialt samvær med song og musikk, grilling og aktivitetar i Slondal. Dei alle største kanonane går over fjellet til Ulvik, ein tur som tek om lag seks timar. Denne gongen var vêrgudane sure på oss, men det var ingen sure miner å sjå mellom deltakarane!

Skulen hadde med sin eigen gitarduo.
Steinar I. Bergo
Det skal ein del mat til svoltne ungdommar. Grillgjengen i full aktivitet.
Steinar I. Bergo
Katteli, bygt i 1954 og tilhøyrer Katten i Bergen.
Steinar I. Bergo