– Kampen mot ei gigantisk 420 kV kraftline gjennom Hardanger er også ein kulturell kamp. Folk i Hardanger meiner at dei har ytt nok til storsamfunnet når det gjeld vasskraft. Det er ikkje rett at Hardanger skal ”subsidiere” ei 420kV line som er tenkt til Troll og oljeindustrien. Oljebransjen går så det susar, og bør dermed vere i stand til å betale den reelle prisen det kostar å få kraft ut til Troll, seier leiar i Folkeaksjonen mot kraftlina, Jan Ivar Rødland, til Bergens Tidende.

I Stortinget skal utsendingane m.a. møta leiar i Energi— og miljøkomiteen, Gunnar Kvassheim frå Venstre. Der møter dei liten motstand. Venstreleiar Lars Sponheim lova alt før valet i fjor haust at meir straum frå Sima-kraftverket i Eidfjord til Bergen ville gå i kabel dersom Bondevik-regjeringa vart attvald.

Vil berre ha luftspenn

– Standpunktet til Lars vert nok retningsgjevande for vårt vidare arbeid med denne saka, seier Gunnar Kvassheim til BT.

Torsdag skal utsendingane også møta Hordalands-benken. Fredag er det fellesmøte med Olje-og Energidepartementet, Samferdselsdepartementet og Miljøverndepartementet.

– Folkeaksjonen ynskjer å opplysa politikarar og statssekretærar om alternativ til Statnett sine planar. Konsesjonssøknaden til Statnett er klar. Dei er berre interessert i luftspenn, seier Rødland.

Med seg til Oslo har han sekretær i Folkeaksjonen, Klaus Rasmussen, ordførar i Kvam, Astrid Selsvold, Ap, og finansbyråd i Bergen, Hans Edvard Seim, H. Jan Ivar Rødland er sjølv varaordførar i Granvin, og høyrer til Ap.

Bergen for kabel

– Eg er med til Oslo for å markera at byrådet i Bergen støttar hardingane sin kamp for kraftline i kabel. Samstundes vil eg understreka behovet som Bergen har for meir straum, seier Hans Edvard Seim.

Astrid Selsvold tar med seg til Oslo planar om tunnel under Kvamskogen, heretter kalla Hardangertunnelen. Denne tunnelen er Kvam sitt alternativ til luftspenn over til Samnanger.

Statnett sin søknad om konsesjon ligg no hjå NVE. Eit vedtak vil truleg liggja føre om eit års tid. Går NVE for luftspenn, vert det heilt sikkert klagesak. Fyrst då kjem saka om kraftlina til Regjeringa.