– Vi har sett på kva som kan vera mogeleg å få til, og henta tal frå andre utgreiingar. Men eg vil ikkje gje uttrykk for at skissa vår er meir utgreidd enn ho er. Vi kallar det «en mulighetsstudie». seier plandirektør Tom Ingulstad i NSB.

NSB ser det som si oppgåve å driva togtrafikk på hovudbanene og i dei store byane med omegn. I Bergen har det siste avgrensa seg til lokaltog til Arna og mot Voss og Myrdal (Flåmsbana).

Kuttar Minde

I den nye skissa for bergensområdet har NSB landa på traseen gjennom Løvstakken til Flesland, men har kutta ned på lengda ved å gå direkte frå Kronstad til Oasen. Ved å droppe svingen om Minde og opphaldet der, sparar ein fem minutt. Dermed er 13 minutt med flytog oppnåeleg.

**Monica Mæland:

– Kjappare til Oslo viktigare**

For godstog syslar NSB med tanken om eit sidespor frå det framtidige dobbelsporet under Ulriken som sluttar seg til flytogsporet under Løvstakken. Dobbeltspor til Flesland gir høve for trafikkavvikling av ulike tog.

Mellom Bergen stasjon og Åsane senter er det mogeleg å køyra tog på fem minutt. Utgangspunktet er eksisterande togtunnel mot Skoltegrunnskaien og Sandviken. Åsanebanen er tenkt lagt i fjell på heile strekninga, unnateke i Eidsvåg, men heller ikkje her er det lagt inn stopp. Når reisetida er så kort, er det ifølgje NSB lite aktuelt å byggja dobbeltspor.

Overganger

Med sideliner i to retningar frå Bergensbanen opnar det seg ei rekkje løysingar:

  • Når Ringeriksbanen er på plass, kan regionstoga gå frå Flesland via Bergen stasjon til Oslo.
  • Lokaltog frå Myrdal, Voss eller Arna kan halda fram til Flesland, mest aktuelt via Bergen stasjon.
  • Passasjerar på regiontog og lokaltog kan på Bergen stasjon få overgang til tog som pendlar mellom Åsane og Flesland.

Tog til Flesland og Åsane kjem ikkje i konkurranse med Bybanen; dei to transportårene vil supplera kvarandre, meiner NSB.

– Det er eit kjent mønster i store byar å kombinera flatedekkande system som Bybanen med knutepunkttrafikk. Tog som køyrer i opp mot 160 kilometer i timen, må berre stogga ved knutepunkta, seier plandirektør Tom Ingulstad i NSB.

– Synspunkt

Han legg fram dei nye jernbaneplanane utan ambisjonar om å styra den politiske debatten, seier han.

– NSB byggjer ikkje jernbane; det er Jernbaneverket sin jobb. Men det hender at nokon spør oss om synspunkt, og med utsikt til hamn på Flesland synest eg løysinga for Bergen er iaugefallande og ganske elegant, seier Ingulstad.

Med den tida det vil ta med Bybanen frå Flesland til sentrum, er han overtydd om at mange vil velja raskare løysingar.

– Slik det er lagt opp i dag, verkar det krøllete å ta seg fram og attende til flyplassen. Og skal Bybanen bygga ei line nordover mot Åsane, vil den gå langs ein trasé der folk bur og ha fleire stopp undervegs, seier NSB-direktøren.

NSB er òg majoritetsaksjonær i godstogselskapet CargoNet, som gjerne vil ha godsterminal og ny hamn for Bergen ved flyplassen. Her kan tog, bil, fly og båt møtest og utveksla gods og passasjerar. Eit av kronargumenta er at hamn på Flesland frigjer Dokken og Nygårdstangen, to indrefiletar for byutvikling.

I dag er det venta at Hordaland fylkesutval, som har møte på Finse, vil vedta ei konsekvensutgreiing av to alternativ for ny hamn.

Kva meiner du om forslaget frå NSB? Skriv gjerne ein kommentar.

ILLUSTRASJON: EIR STEGANE