— Eg har aldri sett ein så liten farkost her ute, det var eit merkeleg syn, seier plattformsjef Aksel Øren til BT.

— Korleis er vêret der ute?

— Her er fint og blikkstilt, seier Øren. Han fortel at Hjelland kom inn i tryggingssona 500 meter rundt plattforma.

— Det triggar beredskapen vår når ein gummibåt kjem slik. Eg sende ein båt bort til han, og han opplyste villig vekk om namn og formål med turen, så det gjekk fint, seier Øren.

Hjelland la ut frå Vågen ved 10-tida i føremiddag, og hadde tilbakelagt ca 100 nautiske mil då han nådde Deepsea Delta.

— Han har hatt ein gjenommsnittsfart på 15 knop og om han held same farten vil han vera framme i Lerwick på Shetland ved to-tre tida i natt, legg Øren til.