Ryddinga av vegen mellom Gudvangen og Tufte i verdsarvområdet i Nærøyfjorden tok til i går. Før mørkret seig på, hadde dei to karane brote gjennom halvparten av dei sju snøskreda som stengde vegen.

Frå kvar sin ende

— Eg er komen gjennom to og eit halvt ras, seier Olav Stalheim, som er busett på Trufte, og ryddar frå den kanten. Heldigvis er snøryddeutstyret innesperra saman med mannen, og han kan bryta seg ut.

Stalheim hadde fire skred å rydda på strekninga mellom Tufte og Bakkatunnelen.

Nesten kontrollert

Per Ramsøy i Gudvangen braut seg gjennom ei smal råk frå ferjekaien og over utskipingskaien for kvit stein. Her ligg det store mengder hardpakka snø. Snøen har kome ned i renna bak ein av rasvollane som vernar busetnaden i Gudvangen. Men naturen har ein hang til å avvika litt frå menneskelagde planar.

Råka venterommet

— Ein del av snømassane skumpla over rasvollen og råka venterommet. Dette huset vart for ei tid sidan flytta frå kaikanten til ein tryggare plass, men det er visst ikkje heilt rassikkert der heller, seier Ramsøy.

Styresmaktene var redde for at venterommet ved Gudvangen ferjekai skulle bli sopa på sjøen medan passasjerar på heilårsrundturen «Norway in a nutshell» sat på toalettet. Den nye plasseringa er kombinert med ny utforming, slik at eventuelle ras på avvegar gir mindre skade.

Bilberging

Det svære snøskredet på kaien er det første av tre som Ramsøy skal rydda på si side av Bakkatunnelen. Skred nr. 2 må ryddast med varsemd, elles kan Mesta-bilen som køyrde seg fast tysdag bli ille medfaren.

E16 også utsett

Per Ramsøy er redd for av E16 kan bli sperra av snøskred dersom det blir mildvêr til helga. Mengdene med snø som kom ned bak den austre rasvollen over Gudvangen tysdag, tyder på at det er mykje snø i den bratte fjellsida. Normalt vil eit skred bak den vestre vollen stogga før det når Europavegen, men er det nok snø, kan det gå tvers over vegen. Det har hendt før.