statsarkivar Yngve Nedrebø

Frå 29. oktober 2007 er all tinglysing som gjeld fast eigedom i Noreg samla hos Statens Kartverk i Hønefoss. Med det var prosessen med å overføre oppgåver og arkiv frå 87 lokale domstolar fullførd. Dette er resultat av eit vedtak i Stortinget i juli 2002. Gjennomføringa vart sett i gang frå mars 2004. Statens Kartverk har no fått overført om lag 90 000 pantebøker og 480 arkivskap med tinglyste dokument.

Frå april 2007 var det slutt på lage nye pantebøker på papir. Dei dokumenta som no vert tinglyste, vert skanna og berre tekne vare på i elektronisk versjon, eller dei kan vere elektroniske alt ved tinglysinga. Eit pilotprosjekt med elektronisk tinglysing vart sett i drift frå våren 2007. Det er knapt grunn til å tvile på at dette om nokre år vil vere den vanlege tinglysingsmåten.

Tinglysinga er ei av våre eldste juridiske ordningar, og den har ei historie som strekker seg langt meir enn 1000 år attende i tid. Temaet vårt her skal vere innhaldet i tinglysinga, endringane og kva for skriftlege kjelder vi har etter tinglysinga.

Tinget

Frå dei eldste kjeldene våre ser vi at alle frie menn i Noreg hadde plikt til å møte på ”tinget”, kalla ”bygde¬ting” eller ”allting”. Sjølve ordet ”ting” tyder ”forhandling” — å tinge - eller ”forsamling”, og både ordet og funksjonen var vanleg i heile Nord-Europa. På tinget skulle dei dømme i dei tvistane som vart tekne opp, eller oppnemne lagrettemenn til nemndene som skulle dømme i sakene. Der skulle lovene, som i den eldste tida eigenleg var ei samling med domsavgjerder, lesast opp, for å sikre at alle kjende dei. Etter lesinga skulle dokumenta reknast å vere komne ”til Almenhedens Kundskab”. Tinget var og det lokale styringsorganet, der bindande vedtak for lokalsamfunnet skulle fattast.

Det er rekna med at sal av fast eigedom frå først av fann stad på eigedommen som vart overdregen, og med vitne til stades. Det vert fortalt at ordet ”skøyte” skriv seg frå den gong handlinga var å ta ein jordklump frå eigedommen som skulle seljast, og legge den i fanget, ”skjødet”, på den nye eigaren! Men det vart tidleg tinget som vart rette staden for å gjere privatrettslege avtaler om fast eigedom. Lenge var det slik at sjølve avtalen skulle gjerast med heile tingallmugen som vitne. Men det var ikkje alltid så lett i praksis. Etter kvart vart det nok at avtala vart kunngjort på tinget – han vart ”tinglyst”. Tilsvarande skulle Kongen også få sine påbod og kunngjeringar publiserte på tinget. Når noko var lese opp på tinget, med ”heile allmugen” til stades, var det mange som kunne vitne om det som hadde skjedd. Men folk har avgrensa levetid, og spørsmålet om skriftfesting av handlingane kom opp.

Den 16. august 1590 kom det ei forordning om framgangsmåten for pådømming av saker i Noreg. Tinget skulle framleis ha sin viktige plass, og ”den menige allmuge” var framleis pålagd å møte fram. Frammøte¬plikta vart ikkje avskaffa før i 1687 med Christian V’s Norske Lov. Men på 1590-talet vart det gjort gjennomgripande endringar i måten tinget vart halde på. Den 31. juli 1591 kom forordninga om svorne skrivarar, som skulle vere til hjelp på tinga. Etter kvart vart det desse skrivarane som tok over viktige funksjonar frå allmugen. Skrivaren vart først meddommar, og med tida hovuddommar.

Bygdetinget vart normalt halde for ei skipreie eller eit tinglag for seg. Lenge var det tre tingsamlingar i året: vårting, sommarting og haustting. Dei kunne også kallast saketing eller skatteting. Fire-fem månader kunne vere lenge å vente på å få opp ei sak, men saker som gjaldt liv, ære eller fred skulle ein frå 1735 kunne få opp på særskilte ekstrating. Seinare vart dette utvida til også å gjelde gjesterettsaker og vekselsaker. Saker som gjaldt grenser eller andre eigedomstvister kunne det nokre gonger vere nødvendig å handsame utanfor rettssal, som åstadsaker. Dei måtte også gå for ekstrarett. Men fire-fem månader var også lenge å vente på å få tinglyst ei sak, og frå 1797 vart det innført månadsting. Då var det på skrivaren sitt kontor ”tinglysinga” skjedde.

Frå å ha vore ei reint munnleg ordning, hadde tinglysinga i realiteten vorte reint skriftleg.Utviklinga har halde fram. Det vart vanleg å ha tinglysing eit par gongar i månaden i mindre tinglag, men på nesten alle virkedagar i dei større. Frå 1936 vart terminologien og tinglysingsordninga endra. No skulle dei tinglyste dokumenta dagbokførast ved innlevering (godkjenning), og deretter grunnbokførast i registeret. Tinglysinga vart frå da av utført fortløpande kvar arbeidsdag.

Tingbok og pantebok

I 1550 kom det pålegg i Danmark om føring av tingbøker med referat avdet som hadde gått føre seg på tinget. Tilsvarande pålegg kom i Noreg i 1633. Det var frå Tyskland inspirasjonen til tinglysingssystemet var henta. Gjennom det sterke tyske nærværet i Bergen hadde ein alt lenge kjent til, og langt på veg praktisert dei tyske ordningane. Tingbøker skulle førast både ved under- og overrettane (lagmannen), og tinglysing kunne skje for begge instansar, men det var for underrettane (sorenskrivar og byfut) storparten av tinglysingane fann stad.

Tingboka var lenge den einaste protokollen skrivaren førte, og der vil ein då finne opplysningar om alle typar forretningar som var oppe på tinget: rettssaker, tinglysingar og tingsvitne. Dokumenta som var tinglyste, fekk påteikning om at dei var publiserte, og det vart teke inn ein ekstrakt av dei i tingboka. Men ut over opplysning om at dokumentet hadde vore lese på tinget, og kva dokumentet gjaldt, kan ein ikkje lese stort ut av ekstrakten. Krav om eigne skøyte- og pantebøker kom alt i 1632 i Danmark, og det vart gjenteke i 1643, men kravet vart i liten grad etterlevd i Noreg. Det vart teke opp att i Christian Vs Norske Lov i 1687. Dei tinglyste dokumenta skulle ”Ord fra Ord indføres”. Men det tok framleis tid før påbodet vart etterlevd alle stader. For storparten av sorenskrivararkiva tek rekkene av pantebøker i løpet av første halvdel av 1700-talet. Ikkje alle dokument vart tekne inn i pantebøkene i full tekst. Forretningar som alt var førde i andre offentlege protokollar, t.d. eksekusjonar eller skifte, vart det normalt berre teke inn ein ekstrakt av, eller skrivaren gav berre ei tilvising i panteboka om kvar ein fann sjølve teksten.

Tingboka har med andre ord endra funksjon mange gonger. Ein gong einaste protokoll hos sorenskrivaren med heile spekteret av forretningar. Så til å verte brukt berre for ”tingsaker” (sivile saker) og tinglysing, til etter 1927 berre å vere brukt til saker etter ”gammal ordning”, saker som var reist før omlegginga av rettergangsmåten i sivile saker 1. juli 1927,og tinglysing. Frå 1936 av var dei utelukkande tinglysingsdagbøker.

Frå panteregister til grunnbok

Grunnen til at dei tinglyste dokumenta skulle førast inn i bøker i full tekst var sjølvsagt at dei skulle kunne finnast att, kontrollerast og brukast. Dette var viktig når dokumenta gjaldt vilkåra for pantsetjing. Men med eit aukande tal på slike dokument vart det vanskeleg å halde oversikt. Og då kunne ein ikkje garantere mot ”Svig og Falskhed” og doble pant. Mange sorenskrivarar hadde difor laga seg pantebokregister. I forordninga om pantebøker 7. februar 1738 vart det gjeve pålegg til alle skrivarane om å ordne seg med alfabetiske register over dei tinglyste dokumenta. Desse registra femna heile sorenskriveriet. Skrivarane skulle utferdige panteattestar over fast eigedom til alle som bad om det. Skulle panteattesten ha meining, måtte den vise til alle heimlar og pant på eigedommen.

Eit alfabetisk register var betre enn ikkje noko register i det heile, men det var likevel tungvint å skulle bla seg gjennom side etter side på leiting etter det som gjaldt ein bestemt eigedom. Løysinga vart å knytte seg til matrikkelen, systemet som frå 1660-åra hadde vore brukt til å halde orden på skattlegginga av fast eigedom i Noreg. Matrikkelen hadde systematisert alle eigedommane på landsbygda utanom Finnmark, og ved å legge den same systematikken til grunn for registeret over tinglyste dokument, vart det mykje lettare å halde oversikta over kven som var eigarar, og kven som hadde pant i kvart bruk. Desse registra vart kalla ”real”-register, og dei vart tekne i bruk frå rundt 1780. Dei var som matrikkelen ordna etter skipreide eller tinglag, seinare kommune.

Frå først av var det heile matrikkelgarden som fekk ei eller fleire sider i dette registeret, men ved neste generasjon realregister vart kvart enkelt bruk ståande for seg med eiga side. Sidan 1780 har det vorte laga 4-5 nye generasjonar med panteregister. Ved kvar slik konvertering har meininga vore berre å ta med dei dokumenta som framleis var gyldige. Arbeidet med desse konverteringane har vore omfattande, og det har teke lang tid. Frå 1936 (kan du ikkje føya til: og seinare. Dei fleste fastprotokollane i Rogaland går i alle fall til 1950-åra) vart det gyldige innhaldet i panteregisteret i faste protokollar ført over til ei grunnbok på lausblad, og sidan 1989 har grunnboka vore elektronisk.

Ikkje alle tinglyste handlingar kunne knytast til fast eigedom. I prinsippet kunne alt leverast til tinglysing. Det kunne vere pantsetjing av skip, avtaler om lausøyre, testament, ektepakter eller lysing i kull og kjønn. Slike dokument vart ikkje fanga opp av realregisteret. For desse vart det frå 1860 oppretta personalregister, ordna alfabetisk etter førenamn eller slektsnamn, eller etter skipsnamn.

Avlysing eller sletting er ein viktig del av tinglysingssystemet. Eit dokument som ikkje lenger er aktuelt, av di obligasjonen er innfridd, det er kommen ny eigar, eller kårtakaren er død, skal ikkje framstå som gyldig lenger. Ved avlysinga vart dokumentet som skulle slettast, lese opp, og det vart deretter streka over i panteboka, med merknad i margen om når avlysinga fann stad (eller: skjedde) , og tilsvarande i panteregisteret. Ved konvertering av panteregisteret skulle desse avlyste dokumenta ikkje verte tekne med, og dei skulle heller ikkje med på panteattestane.

Kvifor tinglyse?

I den eldste tida skulle tinglysinga sikre at det var vitne til transaksjonar. Seinare var det omsynet til tredjepart som vart det viktige ved tinglysinga. Alle skulle ha lett tilgang til pålitelege opplysningar om kven som var eigar, og kven som hadde pant i fast eigedom.

Det har aldri vore noko krav frå det offentlege om at skøyter- eller pantedokument skal tinglysast. Men ut over på 1800-talet vart tinglysing rekna som viktigare, og det kom pålegg om tinglysing av fleire typar dokument. Lov av 28. mai 1845 om delings- og skyldsettingsforretningar kravde i §1 at alle slike skulle tinglysast: ”ordlydende bliver at indføre i Skjøde- og Pante-Protokollen”.

Tilsvarande vart det i lov om ”Jords og Skovs Udskiftning af Fællesskab” av 12. oktober 1857 kravd i § 9 at alle utskiftingar skulle ”læses ved første eller andet Thing, efterat de ere vedtagne, samt ordlydende indføres i vedkommende Jurisdictionsprotocol”.

Det var reglar om tinglysing i mange ulike lover, men ingen norsk tinglysingslov. I siste del av 1800-talet vart det retta mykje kritikk mot heile det norske tinglysingssystemet. Ikkje minst var det mangelen på kontroll som vart framheva som problematisk. Sorenskrivaren hadde ikkje rett til å nekte tinglysing: ”Kven som helst kunne få tinglyst kva som helst – om ein kvar eigedom”.

Det var faktisk langt vanskelegare å få sletta eit tinglyst dokument, for då skulle skrivaren kontrollere om det var høve til å avlyse dokumentet. Etter det norske systemet hadde panteregisteret verken positivt eller negativt truverde. Det positive truverdet vil medføre at ein kan stole på gyldig innhald i eit kvart tinglyst dokument. Det negative truverdet vil seie at tredjepart ikkje vil vere bunden av dokument som ikkje er tinglyste.

Frå bygdetinget til Brønnøysund og Hønefoss

Frå slutten av 1800-talet kom det til reformering av tinglysingssystemet i Tyskland, og Sverige og Danmark følgde etter. Dette førte til at det vart i sett i gang arbeid med ei norsk tinglysingslov. Den vart i det meste bygd over den danske.

Tinget mista sin funksjon ved Tinglysingslova av 7. juni 1935. No vart tinglysinga eit reint registrerings- og kontortiltak. Men tinglysinga skulle no ha både positivt og negativt truverde. Dommaren fekk plikt til å undersøke om dokumentet som var innlevert, oppfylte dei formelle krava, og om den som skreiv under dokumentet hadde faktisk råderett.

Tinglysingslova omfatta ikkje berre fast eigedom, men og kraftleidningar, lausøyre, motorvogner, båtar og ektepakter. Men i løpet av åra som har gått, er alle dei andre skilt ut. Storparten av dei er no å finne i Brønnøysundregistra. Registeret og dokumenta over dei faste eigedommane står attende, og er no å finne hos Statens Kartverk som held til ved Hønefoss.