Det er ikkje uvanleg å bli stoppa på gata i Bergen av tiggarar som ber om ein slant til ein kaffikopp eller bussbilletten heim.

Men det er nesten så ein må klype seg i armen, når ein magister i sosiologi kjem bort for å tigge pengar til eit doktorgradsprosjekt om morsrolla.

— Ingen har gjort dette før. Eg er den første tiggarforskaren her i landet, seier Margunn Bjørnholt til Bergens Tidende.

— Det er vilt - og litt desperat, men det er ein konsekvens av at forskingsfinansieringa i Norge er så dårleg som den er.

For å finansiere det fireårige forskingsprosjektet treng Bjørnholt til saman ein million kroner. Håpet er å byrje arbeidet i januar neste år.

Mors mange roller

Bjørnholt er 44 år, firebarnsmor i Bærum, sosiolog og forskar ved Arbeidsforskingsintituttet. I løpet av fire år har ho fått femten avslag på søknader om offentleg støtte til morsprosjektet. Derfor går ho utradisjonelt til verks, og ber vanlege folk om økonomisk støtte.

— Dei siste tjue åra har morsrolla endra seg, og blitt langt meir kompleks. Kvinna er mor, forsørgar og tilretteleggjar for at far skal bidra i heimen. Det er også nærmast eit moralsk pålegg om at ho skal realisere seg sjølv, og ikkje gje opp sitt eige, individuelle liv, forklarar Bjørnholt.

— Etter mi meining er det rimeleg og fornuftig å skaffe fram kunnskap om desse store endringane, og få fram stemmer og identitetar som elles ikkje blir høyrt. Det meiner eg må vere eit ideal for all forsking.

Men den engasjerte forskaren har ikkje fått gehør - så langt.

— Alle er einige om at dette er eit viktig prosjekt, men tematisk passar det ikkje inn i dei statlege forskingsprogramma. Kvinner som mødrer blir ikkje definert som interessant, mens fedrar derimot har vore i vinden som forskingsobjekt dei siste tjue åra, og stadig blir oppfatta som nye og spennande.

Debuterte på gata i Bergen

No appellerer ho til folk i heile landet - først og fremst medsystrer - om økonomisk hjelp.

— Dette er eit viktig prosjekt, som gjeld alle: Både kvinner, menn og barn. Derfor håpar eg at folk lar det gå sport i å heie prosjektet fram - ved å støtte det, oppfordrar sosiologen.

Til no har Bjørnholt nøgd seg med å sende ut brev med oppfordring om pengegåver, og opprette på Internett. Men denne veka debuterte ho som tiggarforskar på gatenivå i Bergen. Strategien er enkel.

— Eg ser etter kvinner med barnevogner, mødrer eller bestemødrer.

Der kjem Karen Synnøve Flø (22) gåande opp Vaskerelven med vesle Viola i vogn. Tiggarforskaren nærmar seg forsiktig.

— Unnskyld, mitt namn er Margunn Bjørnholt. Eg samlar inn pengar til eit forskingsprosjekt om betingelsane for å vere mor i dag. Dei siste tjue åra har morsrolla forandra seg veldig, og ...

Karen Synnøve lyttar høfleg, og tar imot nettverksbrevet.

Å tigge forskingsmidlar på gata har naturleg nok vore litt av ein barriere for den etablerte forskaren.

Sta idealistist

— Det er jo litt ubehageleg, og til å byrje med var eg både skjelven og litt flau. Men når eg først gjorde det, opplevde eg at folk var positive, og eg har hatt fleire interessante samtalar.

— Er du ikkje redd for å miste ditt gode akademiske namn og rykte på denne måten?

— Det er for dumt å la seg stoppe av avslag, hvis du som forskar meiner du har eit godt og viktig prosjekt. Eg er ingen strømlinjeforma akademikar, og er villeg til å gå utradisjonelle vegar for å skaffe pengar. Og så er eg veldig sta.

— Og idealistisk?

— Ja. Eg hadde aldri gjort dette, hvis eg ikkje trudde på det sjølv.

TIGGARFORSKAR: Sosiolog Margunn Bjørnholt samlar inn pengar. Denne veka tigga ho på gata i Bergen, og stoppa blant andre småbarnsmamma Karen Synnøve Flø.
Foto: Ørjan Deisz