Finn Tokvam

Det er ikkje lenger godt nok å vera utbrent. No gjeld det å vera midt i tidsklemma i tillegg. Stakkars deg, du har kanskje foreldre i live som må besøkast i påsken?

Mange snakkar høgt og kjærleg om tidsklemma si, og det er tydeleg at dei trivst god saman med ho. Andre tykkjer tidsklemma er travel. Til desse har Vekevridd eit påskeråd: Prøv langrenn idealtid.

Slik går du fram: Send først ein halvfull onkel på bakglatte ski ut i snøen ein runde. På denne måten vert løypa passeleg lang, og idealtida romsleg. Så samlar du saman tidsklemmefaktorane dine (også kjent som familien), og sender dei ut i den same runden. No gjeld det for alle å gå mest muleg likt malen (altså den halvfulle onkelen på bakglatte ski, som på dette tidspunktet har surna fordi tante har sendt sextrakkaserande sms-ar til Viggo Valle i Påskelabyrinten). Den som kjem nærmast onkel har vunne.

Langrenn idealtid er like smakfullt sosialdemokratisk som pølsegryta til Toro. No har ikkje Vekevridd sjekka i hel fakta her, men mykje tyder på at det er Einar Gerhardsen som fann opp begge deler.

Langrenn idealtid oppstod påsken 1953. Gerhardsen, som var i god form etter å ha bygd opp att landet, vart invitert til Sikkisdalen av dei kongelege. Prinsehytta såg på denne tida ut som eit røykerom, og snittinntaket av Teddy blant dei kongelege låg på førti om dagen. Gerhardsen var dømt til å vinna. Men så kom han opp med ideen om at det viktigaste ikkje var å vera raskast og best, men mest muleg usynleg og gjennomsnittleg.

Kongen vann rennet påsken 53, i ei løype som blei gått opp av ein pjoltersugen hovmeister. Etterpå var Gerhardsen så nøgd med grunntanken bak den nye øvinga si, at han tok den med heim frå Sikkilsdalen og sette den ut i politikken. Der har den levd fritt sidan, heilt til Erna Solberg dukka opp.

Erna og alle andre burde prøva langrenn idealtid i påsken. Det er perfekt tidsklemmetidtrøytte.