• Vi får klare oss sjølve tidlegare enn andre. Det vert nydeleg å flytte på hybel, seier 10.-klassingen Simon Flatekval. Som så mange andre bygdeungdommar skal han frå hausten av klare seg sjølv, berre 16 år gamal.

TOR KRISTIANSEN

I ungdomsskulen sitt klasserom på Eksingedalen skule og barnehage sit vi og pratar. Ein lur utstoppa rev ser ned på oss. Vi pratar om framtida. Om korleis han og dei andre ungdomane skal kjenne seg trygge når dei flyttar heimefrå for å gå på vidaregåande skule.

I eit par år har Eksingedalen skule jobba med eit prosjekt der dei vaksne vil finne meir ut om kvifor elevar frå dalen klarer seg så bra når dei reiser ut. Kvifor er dei så sjølvstendige og sjølvhjelpte?

Identitet

Lærarane og foreldra har snakka om visjonane dei har for borna si læring. Dei har ikkje minst drøfta kven som har ansvar for utvikling av haldningar hjå elevane. Lærarane har bruka mykje tid til å arbeide med tema som identitet og ballast og prata mykje med elevane om prosjektet. Kvar uke evaluerer dei det dei gjer. Dei har og samtalt med ungdomane som har flytta ut for å høyre korleis dei trivst og utviklar seg.

I februar kjem barne— og familieminister Laila Dåvøy til Eksingedalen for å verte orientert om prosjektet.

Godt læringsmiljø

— Så lenge er har mopeden, kan eg koma meg att og fram i helgane. Det skal verte godt å stå på eigne bein. 16 år gamle kan vi det, meiner Simon Flatekval.

— Prosjektet er interessant. Vi vert oftare stilt overfor val og må tenkje meir over kva vi meiner. Det trur eg er nyttig, seier 10.-klassingen Hilde Brørvik. Ho synest læringsmiljøet er godt. Med få elevar i klassen, kan dei spørje om alt og får mykje hjelp.

— Vi lærer noko vi har bruk for seinare og skal klare oss, forsikrar 10.-klassingen Torstein Brønstad. Han mekkar moped på fritida og ser fram til å ta sertifikatet.

SJØLVSTENDIG: Simon Flatekval (til venstre) skal leve hybelliv til hausten. Saman med Anna Bergo og Hilde Brørvik går han i dag på Eksingedalen skule, som arbeider systematisk med å førebu elevane på å stå på eigne bein i ung alder.<br/>Foto: HELGE SUNDE