Det var på eit møte i går kveld at Fjord1 Fylkesbaatane avgjorde at dei ikkje kjem til å nytte klageretten. Dermed går kontrakten til Tide som hadde billegaste anbodet.

— Ein æra er over, seier Fjord1direktør Stig Kristoffersen som ikkje legg skjul på at dei er skuffa over å ha tapt dei prestisjetunge sambanda.

Fjord1, tidlegare Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane, har køyrt båtruter mellom Bergen og Sogn og Fjordane sidan 1858. Tide skal ta over frå 1. mai 2012. Anbodsperioden går fram til 2020.