Fylkesbaatane skal ha 55,7 millionar kroner for å drifta det korte, men travle ferjesambandet i den to og eit halvt år lange perioden.

Tide Sjø, som har kontrakt på sambandet no, ville ha 57 millionar kroner for jobben, og tapte dermed tilbodskonkurransen. Dei har mellom anna brukt ferjer som før gjekk i sambandet Askøy-Bergen i denne pendeltrafikken over Hardangerfjorden.

— Fjord 1 Fylkesbaatane vil koma attende med melding om kva slags ferjer dei vil setja inn i sambandet Bruravik-Brimnes. Kravet i tilbodet er to ferjer, den eine med plass til 100 personbilar, den andre med 50, seier Lise Olsmo Oen i Statens vegvesen.