1. mai gjekk Tide-bussane over til å køyre som eitt busselskap. Det har mellom andre Geir Jakobsen og Vidar Pedersen fått merka. Begge bur på Osterøy, og pendlar dagleg til Bergen sentrum.

— Tapar du tid, tar folk bilen i staden for buss, seier Pedersen.

Før kunne han ta ein buss som gjekk direkte til Bergen sentrum. I dag sniglar bussen seg innom alle stoppestader der det står folk. Dermed aukar reisetida med i allefall ti minutt kvar dag for ostringane.

Dei to har starta ein eigen pendlarorganisasjon på Osterøy for å presse Tide. Både kvalitet og kvantitet har blitt verre med berre eit busselskap, meiner dei. Før kunne ikkje HSD-bussane ta opp folk i Bergen kommune. Færre direkteruter har ført til opptil fire byter av buss og ferje.

Måtte kjøpa bil

— Tide køyrer ein filosofi der passasjerane er pakkegods. Då blir det mest effektivt. Når vi stadig må av og på heile tida, blir reisa lite komfortabel, seier Jakobsen.

For sambygdingen Michael Waring førte bussfusjonen til at han måtte kjøpa bil.

— Eg har vore heldig i dei 14 åra eg har pendla med buss. No går det ikkje lenger, seier Waring. Han startar på jobb i Bergen klokka halv sju om morgonen.

Men det er ikkje berre ostringane som fortvilar. Marie Morken pendlar kvar dag frå Flatøy til Bergen. Også rundt Knarvik er eit nystarta pendlarlag klar til å kjempe for ekspressbussar.

Bilterskel

— Folk i Bergen har oppdaga at bussane stoppar overalt. Busstilbodet for vår del går den gale vegen etter samanslåinga. I Bergen by er det haugevis med bussar. Eg forstår ikkje kvifor alle bussar skal stoppe overalt og rasere tilbodet vårt, seier Morken.

Også ho trur mange snart vil vurdere å køyre bil inn til sentrum.

— Vi nærmar oss ein terskel der folk har fått nok. Går du først over til privatbilen, er det ikkje lett å venda tilbake til bussen.

I Tide Buss har viseadministrerande direktør Frank Aadland høyrt kritikken før.

— Eg forstår godt om folk er misnøgde. For dei i utkantane kan dette framstå som eit dårlegare tilbod, seier han.

Ikkje dobbelt

For medan Gaia og HSD tidlegare køyrde side ved side, ønskjer Tide minst mogleg dobbeltkøyring.

— Vi gir dei same tilboda, men kvaliteten er dårlegare. Passasjerane må byte bussar for at vi skal få gi flest mogleg bussruter for dei same kronene, seier Aadland.

I oktober kjem siste anbodsrunde i Hordaland. Då skal busselskapa gje fylkeskommunen ein pris for å køyre sjølve Bergensområdet. Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg forstår at arbeidsreisande liker best direkteruter.

— Det er uheldig om folk opplever at bussturen blir verre, når vi ønskjer at fleire skal reise kollektivt, seier Selsvold Nyborg. Ho vil sjå på konsekvensane - og ser ikkje bort frå at direkteruter og høgre kvalitet kan vere blant krava i anbodsrunden.

For ostringane Jakobsen og Pedersen er bussen enn så lenge deira transportmåte - men ikkje i rushtida. Dei tar heller ein tidlegare buss.

— I rushet blir det så fullt at eg ikkje får sitjeplass, seier Pedersen.

Siv Dolmen