— Dette er veldig positivt for oss. Når det blir lagt i anbodsvilkåra, må alle ta det med i berekninga. Det er alle tent med, seier informasjonsdirektør i Tide, Arild Sondre Sekse til BT.

Medlem av fylkesutvalet, Hans Otto Robberstad (Ap), fortel av fylket har som mål å redusere klimagassutsleppa. Då er det naturleg å starte med samferdsle, meiner han.

— Det er på det området fylket har mest utslepp. Bussar, ferjer og snøggbåtar slepp ut mykje klimagassar, seier Robberstad som kom med framlegget som vart vedteke mot Framstegspartiet sine røyster.

Førebels er det ifølgje Robberstad for tidleg å setje tal på kor mykje utsleppa skal reduserast. Først må ein kartleggje dei eksisterande utsleppa.

— Dette er eit gjennombrot. Eg veit ikkje om andre fylke har gjort dette før, seier han.

Arild Sondre Sekse fortel at Tide tek miljøutfordringa alvorleg.

— Det er veldig positivt at ikkje berre pris blir avgjerande. Miljø og kvalitet bør også vere med i anboda. Anbodsvilkåra er avgjerande for kva løysingar som blir valt. Dei legg premissane for kvalitet, pris og miljøutslepp. Eg forventar at også andre fylke følgjer etter, seier Sekse.