Tide har vunne oppdraget med å drive dei framtidige hurtigbåtrutene mellom Bergen og Sogn, men fryktar no likevel at hovudkonkurrenten Fjord1 skal blande seg inn.

— Turoperatørar vil ha Fjord1

I følgje ein henvendelse Tide har fått frå ei ekstern kjelde, skal svært mange av dei store turoperatørane ha bede Fjord1 om å halde fram hurtigbåtdrifta på rein charterbasis. Turoperatørane opplever at Fjord1 har ein tradisjon for turisme og er mykje ute i desse marknadane for å legge til rette, medan Tide omtrent ikkje er til stades i fjordfylket.

”Opptil 70-80 prosent av hurtigbåtpassasjerane til Sogn har ein pakke i tillegg til hurtigbåten å forholde seg til”, skriv Tide i ein epost til Sogn og Fjordane fylkeskommune, som har ansvaret for desse båtrutene. ”Du kan selv tenke deg hva det betyr for dine nye ruter dersom det er praktisk umulig for deg å få tak i 70-80 prosent av passasjerene den tiden det er mest trafikk”, refererer Bjørn Egil Søndenå i Tide frå si kjelde.

Vil ha svar

Søndenå ber fylkesommunen finne ut om dei omtala Fjord1-planane er reelle, og korvidt Fjord1 verkeleg kan setje opp ein dagleg avgang frå Bergen berre for passasjerar med rundturbillettar, eksempelvis klokka 10, og kalle det ein chartertur.

Sogn og Fjordane fylkeskommune hadde fredag ettermidag ikkje svara på eposten frå Tide.