Det er ein letta administrerande direktør Geir E. Aga i Tide Sjø som opplyser BT om dette. Aga viser til brev frå Samferdsledepartementet datert 1. august.

Uvissa som oppstod i sommar galdt kontraktar for fem ferjesamband på Sunnmøre, fire på riksveg og to på fylkesveg. Tide Sjø sitt selskap Nor-Ferjer AS stakk av med anbodet i konkurranse med Fjord 1.

Fjord 1 klaga på det grunnlag at Vegdirektoratet hadde gjeve Nor-Ferjer løyve ikkje berre for dei fire riksvegsambanda, men og for fylkesvegsambandet. Fylkesvegsamband ligg under fylkeskommunen. Møre og Romsdal fylkeskommune hadde likevel i denne saka gjeve direktoratet fullmakt til å gje løyve også for fylkesvegsambandet.

Ikkje ny utlysing

I klagen hevda Fjord 1 at det ikkje var lovheimel for dette. Samferdsledepartementet var av same meining. 2. juli avgjorde så departementet at løyvet til Nor-Ferjer skulle dragast attende, og at drifta av dei fem ferjesambanda skulle lysast ut på nytt.

No har Samferdsledepartementet tenkt seg om ein gong til. Konklusjonen no er framleis at det var ein formell feil av Vegdirektoratet å gje driftsløyve på eit fylkesvegsamband. Departementet skriv likevel at staten og fylket godt kan samarbeida om ei kontrakt, slik det vart gjort i denne saka. Men kvar av dei må gjera løyvevedtak for dei ferjestrekningane dei har ansvaret for.

På denne bakgrunn har Samferdsledepartementet avgjort at konkurransen om dei fem ferjestrekningane på Sunnmøre ikkje skal lysast ut på nytt.

Meir konkurranse

Geir E. Aga opplyser til BT Nor-Ferjer tek over drifta av dei fem ferjestrekningane frå 1. januar 2008. Kontraktane gjeld for 6 år, altså ut 2013. Tide Sjø har forlengst tre nye ferjer under bygging, og tre ledige ferjer skal overførast frå Hordaland/Rogaland.

Tide Sjø er dessutan inne i konkurransen om ferjestrekninga Stårheim-Isane i ytre Nordfjord, som også er drifta av Fjord 1 i dag. I tillegg bur dei seg på konkurranse om strekningar i Nord-Trøndelag og i Lofoten.