Det er ikkje blikk, det som kjem bakom. Ute i fjorden tutar «Oster» hest i møte med Våge-ferja. I regnbyga endå lenger bak kjem «Stord». To staselege veteranbåtar som saman med «Granvin», skal kasta glans over tysnesingane sine festdagar.

Snart ligg dei slanke og blanke, side om side ved kaien, og vi er ikkje meir enn fortøydd før det yrer av folk om bord. Nyfikne går dei runden frå akter til baug, frå motorrom til styrehus. Eine før og hin etter. «Stord» inst, «Granvin» i midten og «Oster» ytst.

På «Granvin» er det dagen for mannskapsbyte. Ikkje utan vemod tek vi farvel med dei som har vore vertskap og selskap for oss i snart ei veke. Trygt er vi blitt loste frå hamn til hamn. Gjennom tronge sund, mellom høge fjell, under bre og bru, rundt nes og øyar.

Som ein liten familie vart vi i løpet av seks dagar. Nytte lune kveldar og vakker solnedgang, delte skrøner og sanning til vi ikkje visste kva som var kva. Åt og sov og virka saman. «Med respekt for kvarandre sine oppgåver», som kaptein Gundersen formulerte det.

Nytt mannskap har vi helst på, kaptein Stølsnes og co. er på plass, og mykje tyder på at den vidare seilasen skal bli nett like triveleg og nett like trygg for oss alle.

Her kan du besøke BT-båten

HELGE SUNDE