• Meir pengar til kvalitetsforsking og effektive institusjonar, universitetsstatus til fleire høgskular, og kortare studier.

KRISTINE HOLMELID kristine.holmelid@bt.noDet meiner leiaren for Mjøsutvalet, Ole Danbolt Mjøs, er nødvendige endringar for universiteta og høgskulane. Fredag 9. mars kjem stortingsmeldinga om høgre utdanning. I førekant av denne leverte Mjøsutvalet si innstilling. Bergens Tidende har spurt leiaren for utvalet kva fornying universiteta og høgskulane har behov for.Betre oppfølgingav studentane— Dagens gradssystem med cand.mag. og hovudfag skal erstattast med bachelor- og mastergrad. Den normerte studietida vil bli tre pluss to år. Studieintensiteten blir auka, men rg kvaliteten. Studentane bør få betre oppfølging undervegs, meir skrivetrening, innlevering av oppåver og seminar. Mjøsutvalet gir ei varm støtte til betring av studiefinansieringa, seier Mjøs.I tråd med innstillinga frå utvalet, kjem utdannings- og forskingsminister Trond Giske til å føreslå kortare og meir effektive studier. Meir sjølvstendige institusjonar - Universiteta og høgskulane bør få auka sjølvstende, meir fridom og ansvar. Ein fleirtal i utvalet vil at institusjonane skal bli eigne særlovsselskap, at dei bør fristillast på samme måte som sjukehusa, seier Mjøs.Giske har signalisert at han ikkje vil ha studiestadene som eigne selskap, og han ønskjer framleis vald rektor og ikkje eksternt styrefleirtal. Giske har opna for at instituttleiarane kan utpeikast, og ikkje blir valgt slik dei blir i dag.Han ønskjer også at fleire høgskular skal få universitetsstatus.- Giske sitt forslag kan føre til ei fullstendig utvatning av universitetsbegrepet, noko ingen er tent med. Han legg mellom anna opp til at høgskular med doktorgradsutdanning på berre eitt område kan søke om universitetsstatus. Vi meiner det bør stillast mykje strengare krav, seier Mjøs. Meir ressursar til forsking - Forsking bør få tildelt betydeleg meir ressursar. Her må grunnforskinga vektleggast. Vi føreslår rg at forskarutdanninga blir styrka, seier Mjøs.Han er uroa over rekrutteringssvikten til forsking generelt, og spesielt innanfor medisinske fag.- Lønsnivået til stipendiatar bør aukast, seier Mjøs.Mjøsutvalet har føreslått eit nytt finansieringssystem for institusjonane, som er resultatbasert.- Kvalitet på forsking er viktig når midlar skal delast ut. Difor er etablering av elitesenter for forsking (Senter for fremragende forskning), ein god idi, seier Mjøs. I tillegg bør ein ta regionale og distriktspolitiske hensyn ved tildeling av midlar. Det er rg viktig å auke samspelet mellom næringsliv og forsking, meiner leiaren for Mjøsutvalet. Pengar etter resultat Effektive utdanningsinstitusjonar vil bli premiert.- Kor mange vekttal som blir produsert og talet på ferdige eksamenar bør telje, saman med talet på studentar ved institusjonen, seier Mjøs.Det er viktig at det følgjer pengar med reformene som kjem, meiner Mjøs, men ønskjer ikkje å talfeste kva han meiner trengst.I morgon blir det klart kor omfattande endringar regjeringa går inn for. Fakta/ Stortingsmelding om høgre utdanning * Blir lagt fram 9. mars. I førekant har eit utval leia av professor Ole Danbolt Mjøs ved Universitetet i Tromsø levert si innstilling "Frihet med ansvar. Om høgre utdanning og forsking i Norge".* Kortare studier, fleire universitet, og midlar fordelt etter kvalitet og effektivitet, er nokre av hovudpunkta i stortingsmeldinga.