Moster amfi, nokre dagar før dagen. I femtida ramlar det inn med vikingar, store og små, hirdmenn med brynje, spyd og skjold. Biskopar og kongar. Det er tid for første gjennomgang av årets Mostraspel.

Johannes Hegglands «Kristkongane på Moster» har vorte ein tjuefire år lang tradisjon og ein eviggåande prosess for Bømloteateret.

Med det same denne helga over, er det tid for planlegging av neste års jubileum.

Kring nitti skodespelarar er involvert, ein salig blanding av profesjonelle og amatørar. I tillegg kjem teknisk personell og eit 34-manns symfoniorkester.

— Det vert ikkje riktig sommar utan ein har vore med på Mostraspelet, seier Trygve Haldorsen som raskt kan telje opp nitten års medverknad, pluss nokre år der han ikkje kunne.

Vert glade i rollene

— Heile året går ein og byggjer opp mot Mostraspelet. Og når skjegget samlar seg på mennene, då kjenner eg at det snart er tida att, seier Reidun Torvund Hamre.

Kledd i staut blå vikingkvinnedrakt er det andre året ho går på scena som Torbera, mor til helten Torolv. I atten trufaste år tidlegare har ho vore ein del av bondekvinnene.

— For meg var det eit høgdepunkt då Tindberg spurte meg om eg ville vere Torbera, seier Torvund Hamre.

Saman med bisp Sigurd, alias Finn Daynes, vert ho heidra av Bømlo kommune like etter premieren i dag. Når ein aktør passerer tjue års deltaking, går det ikkje umerkt forbi.

— Me burde nok ha skifta skodespelarar litt oftare, men det er mange som vert så glade i rolla si at dei tryglar om å få vere den same også neste år, seier Kjell Olav Skaret.

Sjølv var han skalden dei første ti åra, deretter har han kledd seg som den maktsjuke og nokså upopulære presten Tangbrand.

— Tangbrand er ei artig rolle å spele. Han er eit maktmenneske, ein sleip fyr som utnyttar stillinga si. Det er kjekt å ta slike sider ut på scena, då vert eg så snill når eg kjem heim, flirer Skaret.

Tradisjon er ikkje vane

— Det er eit ganske anna stykke me har i dag enn for ti år sidan. Eg meiner det er kvalitet i stoffet når det tåler å verte vridd og vrengt på, seier regissør Svein Tindberg.

Då han tok til ved roret for tre år sidan, spissa han motsetjingane i stykket. Kontrasten mellom kristentrua og hedningetrua vart tydelegare.

  • Når eit teater vert vane, vert det dårleg. Difor er det viktig å bytte regissørar og skodespelarar jamleg. Men når me no speler same stykke for tjuefjerde året på rad, viser det at det er kraft i spelet, seier Tindberg.

Blant dei unge vikingborna som spring rundt i amfiet i dag og i morgon, vert ein og anna teaterspire sådd. Ein av dei var Sigurd Sele, hovudrolleinnehavaren som etter oppveksten i Bømloteateret no lever av scenespel på heiltid.

— Eg sikla på den rolla allereie då eg som sjuåring sprang rundt som vikingegut, innrømmer Sele.

Det er tredje året han kler seg som Torolv frå Grindheim.

— Som skodespelar synest eg det er kjekt å spele rolla fleire gongar. Kvar gong kan ein dukke ned i karakteren og finne noko nytt. Det er heile tida nye relasjonar å spele på, seier Sigurd Sele.

SPART SIDAN PÅSKE: Sigurd Sele - i rolla som Torolv frå Grindheim (til v.) - har spart til fullskjegg sidan byrjinga av april. Til h. Johan Kristian Nesse som Håstein Areson.
Sunde, Helge
20 ÅRS JUBILANT: Reidun Torvund Hamre som Torbera.
Sunde, Helge
20 ÅRS JUBILANT: Bisp Sigurd spilt av Finn Daynes.
Sunde, Helge