— To gutar på ti år datt av T-kroken, og den eine guten blei hengande fast i kroken etter hetta og blei dregen med 150 meter før naudstoppen blei utløyst, seier operasjonsleiar Inge Verøy i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Guten var ikkje bevisst like etter uhellet, men kom fort til seg sjølv igjen. Han er no frakta til Førde sentralsjukehus.

— Han er lettare skadd og er lagt inn til observasjon over natta, seier informasjonssjef Vidar Vie i Helse Førde til bt.no.

Politiet fekk melding om uhellet klokka 13.42.