Kvinna misser óg førarkortet i fire år. Fagdommaren ville frata kvinna førarkortet for alltid, men dei to meddommarane meinte fire år var høvande på grunn av særskilde omstende. Kvinna treng bil i jobbsamanheng.

Dødsulykka skjedde i 15-tida fredag 15. desember 2006. Den tiltalte kvinna kom rett frå jobb, der ho hadde vore med på planlegging av julebordet same kveld.

Kvinna fortalte i Fjordane tingrett at ho hadde drukke vodka kvelden før fordi ho ikkje fekk sova. I tillegg drakk ho to øl i lunsjpausen. Ingen av kollegaene til kvinna skal ha lagt merke til at ho var rusa då ho forlèt jobben. Fleire kollegaer køyrde frå jobb samtidig som kvinna, og ein av kollegaene var vitne til ulykka.

Døydde på operasjonsbordet

Den rusa kvinna skal ha køyrt i opp mot 50 kilometer i timen då ulykka skjedde. Fleire vitne skal ha reagert på at kvinna ikkje bremsa ned framfor fotgjengarfeltet, der den 85 år gamle kvinna gjekk sakte over vegen. 85-åringen skal ha blitt påkøyrt like før ho var kome over vegen, og døydde på operasjonsbordet på Førde sentralsjukehus seinare same kveld.

Kvinna erkjente straffskuld for aktlaust drap og køyring i påverka tilstand. Likevel hevda ho at ho var fullt i stand til å køyra bil.

— Blei blenda

Kvinna la i rettsforklaringa si stor vekt på at ho har grå stær og at ho blei blenda av lysa frå ein møtande bil. Dommen slår fast at ho i så fall burda ha avpassa farten etter tilhøva på staden.

OMKOM: Ei 85 år gamal kvinne døydde etter å ha blitt påkøyrt av en bil i Florø i desember 2006. Ulykka skjedde i gangfeltet til høgre i bildet, der ein person i oransje vest er på veg over gata. ARKIVFOTO: FRANK TANGEN, floranett.no