Straffesaka vart avslutta i Fjordane tingrett fredag, der 19-åringens bistandsadvokat kravde 30.000 i oppreisingserstatning.

I prosedyren la aktor, politadvokat Knut Broberg, formildande vekt på at det er gått meir enn to år sidan det påståtte overgrepet skjedde. Dette kan i liten grad lastast tiltalte, og dermed skal han ha mildare straff på grunn av tidsbruken.

– Normalt ville ei slik sak kvalifisere til mellom ti og tolv månaders fengsel. På grunn av den lange tida som er gått, legg vi påstanden på ti månader, sa Broberg i retten.

Vakna av overgrepet

Det var i februar 2004 at overgrepet skal ha skjedd. Ein 19 år gammal gut hadde ingen stad å sove etter å ha vore på fest, og fekk sove på sofaen hjå den no tiltalte mannen i 50-åra.

I retten har 19-åringen forklart at han sovna, men vakna av at den tiltalte mannen i 50-åra hadde oralsex med han. I ettertid har han slete psykisk på grunn av det som skjedde.

Saka har blitt samanlikna med ei sak i Bergen frå 2004, der ei kvinne vart dømt for å ha utført oralsex på ein sovande mann.

Forsvarar Ivar Blikra fravde frifinning for sin klient, som i retten har hevda at han ikkje har forgripe seg mot ein sovande og hjelpelaus mann.