• Tenk sjølv i dag var det folk på sommardekk. Til og med yrkessjåførar. Det heng ikkje på greip, sukkar bilbergar Arild Holch frå Falck.

Iren Hugo Finlay valde å flytte frå Texas til Bergen og Nubbebakken. I går angra han kan henda litt.

Då stod nemleg firehjulstrekkjaren hans på tvers i Nubbebakken, kilt fast mellom ein grushaug og ein mur. Med tilsynelatande stoisk ro venta iren på hjelp frå Falck, mens dalande, kvite snøfiller gjorde det heile ganske idyllisk. Den uheldige sjåføren var litt meir oppskjørta. Uldiz Berzns frå Riga sat bak rattet då bilen byrja å skli sidelengs. Han arbeider med å pussa opp villaen til Finley, og kan, i følgje sistnemnde, alt — utanom å køyra bil.

På sommardekk

Då Arild Holch frå Falck kom til Nubbebakken i 20-tida i går kveld, hadde han vore på jobb sidan sju om morgonen. Det hagla framleis inn med bergingsoppdrag frå heile distriktet, og fem mann jobba med å få unna bergingskøen.

Etter litt lirking og tauing var den firehjulsdrivne Hondaen tilbake der han høyrde heime. Ein bulk i bakre støytfangar vitna om møtet med muren, men elles verka bilen å vera i bra stand.

— Det har stort sett vore småkollisjonar og utforkøyringar, fortel Holch. Og det er på småvegane det skjer. Ikkje sjeldan er det nett sjåførar av firehjulstrekkjarar som undervurderer bakkane.

— Tenk sjølv i dag var det folk på sommardekk. Til og med yrkessjåførar. Det heng ikkje på greip.

Travel dag

Dagleg leiar Jan Petter Steinsvik i Viking Bergen hadde òg ein travel dag i snøvêret.

— Folk kan ikkje køyra på vinterføre lenger, meiner han etter gårsdagens mange bilbergingsaksjonar.

Hos politiet får BT stadfesta at det helst har vore småuhell på glatta.

Truleg vert det glatt fram til fredag, men statsmeteorolog Dag Kvamme på Vêrvarslinga i Bergen ser ikkje bort frå at mildver kan ha smelta vekk all snøen alt torsdag kveld. Prognosane for helga sprikar: det står mellom vind og klarvêr eller nærgåande lågtrykk.

Ørjan Deisz