– Namnet på aksjeselskapet vårt er rett nok Flåm Turistsenter AS, men Flåmbrygga er samlenamnet vi no skal marknadsføra oss under, seier dagleg leiar Aud Melås.

Ho eig selskapet saman med ekteman-nen Evan Lewis og broren Per Steinar Melås. Sistnemnde eig også fjellstova på Østerbø i Aurlandsdalen.

– Vi synest at Flåmbrygga er eit fint namn. Vi ligg ved ei brygge, stor nok til cruisebåtar, og vi brygger øl, seier Evan Lewis, amerikanaren som har reist stav-kyrkjebygning til bryggeri og pub.

Fire verksemder

Furukroa var blant dei første private verksemdene som vaks fram etter mo-derniseringa av Flåm jernbanestasjon på Fretheim. Kafeen fekk etter kvart restaurant og hotellrom i tillegg. Lewis/Melås overtok i 2004, og har bygt vidare.

Inn under omgrepet Flåmsbrygga kjem desse aktivitetane.

  • Furukroa kafe skal halda fram med det gamle og innarbeidde namnet.
  • Flåmstova restaurant blir nytt namn på restaurantavdelinga.
  • Ægir bryggeri & pub er namnet på mikrobryggeriet og puben i huset som liknar ei stavkyrkje.
  • Flåmsbrygga hotell blir namnet på hotellet som skal opna 20. juni.

42 rom fem ølsortar

Byggearbeidet på hotellet er inne i slutt-spurten, og dei første gjestene er for lengst komne på bookinglista.

Hotellet får 42 rom, i utgangspunktet doble, men nokre av har plass til ekstra-senger og kan bli familierom.

«Stavkyrkja» med tusenvis av trebitar til taktekke, og enda meir imponerande interiør, inneheld mikrobryggeri og pub. Evan Lewis har ikkje heilt sansen for gjengs norsk ølvaner, der pils går til alt, frå lapskaus til sjokoladekake. Han har variantar til det meste, også øl som høver til sjokolade.

No har han fem variantar å tilby.

  • Sumbel Porter er mørkt og har karak-ter av rista malt.
  • Rallar Amber Ale er djupraudt med maltsmak.
  • Ægir Indian Pale Ale er bitter-øl med kraftig humlearoma.
  • Bøyla Blonde Ale er lyst og gyllent
  • Kvase Kølsch er lyst sommarøl, in-spirert av ølsortar frå Køln.
Arne Hofseth
Arne Hofseth
Arne Hofseth