Innan utgangen av mai skal selskapa som eig Hurtigruta, gjennomføre fire vestlandscruise med det verneverdige og ærverdige fartøyet. Også i september skal det gjennomførast eitt slikt cruise.

Kvar tur er på ei veke, og går frå Bergen. Først blir turen lagt til Rogaland med stopp i Lysefjorden og Skudeneshavn på Karmøy. Deretter går ferda vidare inn Hardangerfjorden, så til Sogn, Sunnfjord og Nordfjord før kursen blir sett tilbake til Bergen.

Med på turane denne våren er Stein Malkenes. Den tidlegare leiaren i Naturvernforbundet driv no eige konsulentfirma, og er leigd inn for å hjelpe hurtigruteselskapet til å utvikle geoturisme.

— Målet er å bruke dei lokale verdiane. Vi skal formidle kultur og natur slik han er i området, seier Malkenes.

På dei vekelange cruisa langs vestlandskysten er MS «Lofoten» utstyrt med lettbåtar som gjer det råd å gå i land på stader som elles er vanskelege å nå. Skipet har eigen reiseleiar som syter for aktivitetar, alt frå fotturar i land til fisking om bord.

På turen inn Dalsfjorden i går var 40 passasjerar med. I kveld står 64 nye klare til å gå om bord i Bergen.

— Dette er eit spenstig forsøk frå hurtigruteselskapa si side. Så får vi sjå kvar det endar, seier Malkenes. MS «Lofoten» går i vanleg hurtigrutefart i vinterhalvåret, men blir brukt til ulike cruiseaktivitetar gjennom sommarmånadene.

Arrangørane av vestlandscruiset ser seg for ettertida om etter fem faste stoppestader i Sogn og Fjordane. Så langt ser det ut til å bli Undredal og Flåm i Sognefjorden, Vågsberget ved Måløy, Osen gard inst i Dalsfjorden og Bulandet i Askvoll.

— Dalsfjorden er eit jomfrueleg mål for cruiseturisme, seier Stein Malkenes om gårsdagens prøvetur inn den sørlegaste av dei to største fjordane i Sunnfjord.