I løpet av året kjem eit plastglas til å dumpe ned i postkassa til mange unge. Avsendar er ei forskargruppe ved Folkehelseinstituttet (FHI).

Målet er at så mange som mogleg skal ta urinprøve, og sende glaset til eit laboratorium for klamydia-testing.

— Vi vil prøve å finne endå fleire ungdommar med klamydia, og få dei til behandling. Slik kan vi redusere smittefaren. Klamydia er i dag den vanlegaste årsaka til sterilitet eller svangerskap utanfor livmora, seier rådgjevar ved FHI, Hilde Kløvstad, til BT.

Men dersom klamydia blir oppdaga og behandla relativt raskt, er risikoen truleg liten for å bli steril.

— Klamydia er lett å behandle. Ei ørlita dose antibiotika er nok til å bli kvitt smitten, seier Kløvstad til BT.

Jenter er elles langt flinkare til å teste seg enn gutar, viser statistikken.

— Dette er hovudutfordringa: Å få unge menn til å gå og teste seg!