Frisk luft, gode nærmiljø og sosial rettferd. Ingen av desse tre grunnleggjande goda kjem utan ein offensiv allianse mellom fagrørsla, miljørørsla og dei raude og grøne partia i byen vår.

I Bergen skal vi kunna pusta fritt!

La meg henga den første tesen min på Danmarks plass, der eg kvar dag går framom på veg til sentrum. Dei to seinaste vintrars giftlok er symptom på ein diagnose av luftureining og klimagassutslepp. Medisinen er å redusera privatbiltrafikken, byggja bybane i alle himmelleier og byggja ut eit tenleg bussnett inklusive trolleybuss. Vidare må vi flytta 2000 parkeringsplassar or sentrum og i staden bruka desse plassane på innfartsparkeringsring i bydelane. Kollektivsystemet må bli eit reelt alternativ til privatbilen; det må bli kollektiv— eller sambruksfelt på alle hovudinnfartsårer - og då kan bompengane setjast opp og rushtidsavgift innførast slik at forureinar betaler.

Satsing på kollektivtransport og sykkel vil gje trippel vinst

Satsing på kollektivtransport og sykkel vil gje trippel vinst for regionen vår: rein byluft heile året, kutt i klimagassutsleppa og betre framkome for næringsdrivande og annan nyttetrafikk. Bergen SV går til val på ein eigen kollektivplan, ved dette valet som ved førre. Bergen kan bli ein grøn by, syta for grøne lunger, parsellhagar og landbruket i byen – men då må politikken snuast tvert om, slik SV vil.

I Bergen skal vi ha nærskular og nærbarnehagar!

På veggen til Løvås skule i Fyllingsdalen vil eg henga den andre tesen min. Der klarte foreldre og lærarar i kollektiv fornuft å slå tilbake Mæland-byrådets plan om å leggja ned nærskulen. Dei sigra altså. Men andre elevar, foreldre og lærarar har tapt. Byrådet vil leggja ned Kyrkjekrinsen skule i Åsane og ungdomsskulen i Ytre Arna - og det er eit stendig press for store fabrikkskular med bussing av elevar.

Sanninga er at dagens byråd overlèt barnehagebygginga til private

Nærbarnehagen er like viktig, ja kanskje endå viktigare. Nærbarnehagar vil gi både foreldre og born ein enklare kvardag når det gjeld henting, levering og oppfølging. Endå viktigare er det at nærbarnehagar vil gjera det enkelt for barn og foreldre å byggja venskap og inkluderande nærmiljø på ettermiddagstid og i helgar, og føra venskapen for små og store vidare i nærskulen. Og er det enklare for foreldre, opnar det for meir likeverdig yrkesdeltaking mellom kvinner og menn.

Ein skulle kanskje tru at alle parti vil ha nærbarnehagar og nærskular, men sanninga er at dagens byråd overlèt barnehagebygginga til private - som ergo byggjer i randsona av byen der tomtene er billege – men folk må bruka bil. For SV er livet for kort til å sløsa bort i bilkøar, om du er vaksen eller barn. Difor har vi lova eit nærbarnehageprinsipp slik at alle born skal få barnehageplass innan fire kilometer frå heimen. Nett som med skulen. Viss ikkje, skal kommunen følgja opp med best moglege løysing - som med skulen.

Bergen skal vera ein by for likskap og sosial rettferd!

Korskirken i Vågsbunnen skal få den tredje og siste tesen min. I eit byråd som har kutta i kvar einaste stønadsordning og hjelpetiltak, er KrF, Høgre og FRP i ferd med å overlata omsorgsansvaret for dei mest trengande til kyrkje og veldedige organisasjonar. Som avsløringar i både BA og BT viser, er det mange menneske i Bergen som lever i uverdige og horrible forhold på hospits og i bustadkø. SV vil ikkje kasta vekk pengar på konkurranseutsetjing og privatisering, vi vil bruka kvar krone på velferd av god kvalitet i kommunal regi og i samarbeid med ideelle som Kirkens Bymisjon.

Eit samfunn med små skilnader er godt for alle. Det er til og med vitskapeleg bevist!

Eit samfunn med små skilnader er godt for alle. Det er til og med vitskapeleg bevist! Ingen menneske får større arbeidsevne av å få minimale trygde- og sosialhjelpsytingar – dei vert berre fattigare og utanfor. Utanforskapen er fattigdommens svøpe. Barnefattigdommen er den råaste form for fattigdom – og fattige born har fattige foreldre. Fattigdom må motarbeidast kvar dag: Sosialhjelpa må førast stegvis mot eit leveverdig nivå, attende til 2003-omfang og så til såkalla SIFO-sats. 80 prosent-regelen, som vart teken frå uføretrygda minstepensjonistar av byrådspartia ved årsskiftet, må gjeninnførast som ein solidaritetsgaranti overfor dei nest fattigaste bergensarane. Og dei aller fattigaste kontantstøttemottakarane må få behalda kontantstøtta si; den skal ikkje bykassen inndra til ei omfordeling frå dei fattigaste til dei betre stilte i bysamfunnet.

I SV trur vi ikkje på politiske mirakel. Men vi er klare for ein politisk snuoperasjon i Bergen – for rein luft, berekraftige nærmiljø og sosial rettferd.

For eller imot SV? Diskuter under: