Mikrobiologi, biokjemi, molekylærbiologi, immunologi. Felles for desse orda er at dei er namn på institutt ved Universitetet i Bergen. Og at dei handterer livsfarlege stoff. Så farlege at direktør for helse, miljø og tryggleik Olav Vindedal, har kontakta institutta for å sjekke ei gruppe potensielle misbrukarar.

Telefonane vart gjort 26. september. Spørsmåla dreidde seg om utanlandske studentar sin tilgang til virus og bakteriar.

— Vi tok det opp fordi det var ein internasjonal situasjon, der slike ting var aktuelle. Vi ville forsikre oss om at tryggingstiltaka fungerte bra. Det fekk vi positiv tilbakemelding på, seier Vindedal.

Rapporterer ikkje til POT

— Kva spørsmål stilte du?

— Det hugsar eg ikkje.

— Kvifor var det utanlandske studentar som vart undersøkt?

— Tryggleiken gjeld for alle, men vi har ein del studentar frå diverse land. Derfor gjorde vi spesielt merksam på det. Men dette var ein rein rutinesjekk. Alle vart undersøkt.

— Kvifor er det då nemnt spesielt at utlendingar vart undersøkt?

— Det har eg ingen kommentar til.

— Rapporterer du til Overvakingspolitiet?

— Eg har på ingen måte plikt til å rapportere til POT. No trekkjer du dette alt for langt, seier Vindedal, som seier han sjølv tok initiativet til undersøkinga.

Leiar i den Internasjonale studentunionen (ISU) meiner dette er diskriminering.

— Det er diskriminering å berre kontrollere utanlandske studentar. Ein kriminell er ein kriminell uansett hudfarge. Det er ingen større grunn til å tru at utanlandske studentar skulle vere meir kriminelle enn norske, seier leiar Ehsan Rahman i ISU.

- Fører til stigmatisering

Han trur kontroll av tryggleiken ved visse institutt kan vere nødvendig, men meiner at ein ikkje kan byrje å kontrollere enkeltgrupper. På Universitetet må alle behandlast likt.

— Utanlandske studentar føler seg allereie diskriminert og stigmatisert. Slik kontroll kan vere bra om ein ikkje skil ut ein spesiell type studentar, etter til dømes nasjonalitet, religion eller hudfarge. Det kan føre til auka stigmatisering, seier Rahman.

I går skreiv Bergens Tidende at POT framleis nyttar informantar på norske arbeidsplassar. Muslimske og nynazistiske miljø vert passa på. Terror relatert til 11. september er årsaka. Universitetet i Bergen er ein av arbeidsplassane der POT har kjelder. Institutt for biokjemi og molekylærbiologi ein av stadene Vindedal og universitetsdirektør Kåre Rommetveit har vore spesielt interesserte i tryggleiken.

— Eg kjenner meg ikkje farleg. Eg har heller ikkje følt meg overvaka, seier forskar Sala Ibrahim lattermildt.

- Ubehageleg overvaking

Ibrahim er muslim, opprinneleg frå Sudan, og ein av fleire med utanlandsk bakgrunn ved instituttet. Ibrahim har vore ved universitetet i elleve år.

— Det er ubehageleg med overvaking, men det er greitt. Vi treng litt kontroll for å sikre demokratiet. Det er viktig at ein kjenner seg trygg. Uansett trur eg ikkje det er mogeleg å få til noko i Bergen. Her er så ope og gjennomsiktig, eit lite miljø i ein liten by, seier han.

Mellom kolbar og reagensrør finn vi også førsteamanuensis Anni Vedeler frå Danmark. Ho forklarar at den største bekymringa er tryggleiken til dei tilsette.

Inviterer POT med hovudfag

— Vi er i kontakt med mange farlege stoff. Desse er det så strenge prosedyrar for at dei er umogeleg å misbruke for uvedkommande. Internt på instituttet er det for gjennomsiktig til å finne på noko galt, seier ho, men inviterer gjerne POT på besøk.

— POT må gjerne sende folk hit, men då må dei minst vere på hovudfagsnivå og sørge for å få med seg fleire midlar frå departementet. Elles har dei ikkje noko her å gjere, seier førsteamanuensis Anni Vedeler.

Instituttstyrar Holm Holmsen likar ikkje tanken på at POT har hemmelege informantar utplassert på universitetet.

— Eg har ingen ting i mot at dei kjem, men set ikkje pris på hemmeleghaldet. Det vert det mistenkeleggjering av, og det er ikkje bra for arbeidsmiljøet, seier Holmsen.

UFARLEG: Forskar Sala Ibrahim ved ved Institutt for biokjemi og molekylærbiologi seier at det er umogeleg å lage farlege ting ein kan ta ut av laboratoriet.
Foto: Roar Christiansen