Mannen vart arrestert i Spånga utanfor Stockholm måndag morgon, der han har budd sidan 2002. Svensk politi meiner at han og tre andre menn, som også vart fengsla måndag, anten har stått bak eller har planlagt terrorhandlingar.

Ifølgje svenske aviser skal det handle om terroranslag mot USAs troppar i Irak, og det skal vere informasjon frå amerikanske kjelder som fekk svensk politi til å slå til.

I dag er det fengslingsmøte i Stockholms tingsrätt.

— Eg kan stadfeste at 28-åringen som er arrestert i Sverige har budd både på Askøy og Bergen tidlegare. Vi kjenner til mannen, seier overvakingssjef Steinar Karlsen i Politiets sikkerhetstjeneste (PST) til Bergens Tidende.

Rykte som fundamentalist

28-åringen kom til asylmottaket på Husnes i Kvinnherad i 1999, som asylsøkjar frå dei kurdiske områda i Irak. Han er sunnimuslim. Mannen budde på Husnes i fleire månader, før han flytta til Bergen og seinare til Askøy.

BT har i lengre tid kjent til at mannen hadde ord på seg for å vere islamsk fundamentalist, og at han var i søkjelyset til det som den gongen heitte Politiets overvakingsteneste (POT) medan han budde på Vestlandet.

— På asylmottaket viste han videoar med opptak av krigshandlingar frå Afghanistan og Tsjetsjenia. Han var veldig streng, og kalla oss heidningar fordi vi ikkje bad kvar dag, sa ein av BTs kjelder i januar i år. Kjelda hadde budd på mottaket saman med mannen.

Slagsmål på Husnes

28-åringen skal ha lagt stor vekt på at han var med i Ansar al-Islam. Han hevda at han kjende mulla Krekar godt frå Irak, der han skal ha kjempa i Krekars geriljagruppe.

28-åringen har ifølgje BTs kjelder teologisk utdanning frå sharia-fakultetet i den irakiske byen Erbil, og vart på Vestlandet titulert som mulla. Medan han var på Husnes søkte han om å få opne moske, noko som vart avslått.

Det kom etter kvart til sterke konfliktar med fleire av dei andre asylsøkjarane, og ved eitt tilfelle enda det med slagsmål. Konfliktane skal i stor grad ha botna i usemje i synet på alkoholbruk, respekt for bønnetider og kva som var passande å sjå på fjernsyn.

- Forsvarte terror

Etter nokre månader på Husnes bad ei gruppe muslimar i Bergen om at han måtte få flytte dit, på grunn av sin gode kjennskap til koranen. Dette gjekk i orden, og seinare flytta mannen til Askøy.

— Han gjekk kledd i tradisjonelle pakistanske klede, noko som er uvanleg blant oss kurdarar. Han var rekna for å vere ein fanatikar, og forsvarte islamsk terrorisme. Han heldt seg mest saman med to gode vennar som var av same type. Blant kurdarar flest i Bergen og på Askøy var han ikkje særleg godt likt, fordi han var så streng, seier ein kurdar som kjende mannen.

Gift med svensk kvinne

Den teolog-utdanna irakaren gjekk fast i moskeen på Nøstet medan han budde her. Han skal også ha arrangert treff og møte på Islamsk Kultursenter i Nygårdsgaten med jamne mellomrom.

Etter det BT kjenner til fekk aldri 28-åringen permanent opphaldsløyve i Noreg. I 2001 flytta han til Oslo. Hausten 2002 meldte han flytting til Sverige, etter å ha treft ei svensk kvinne som han gifta seg og fekk barn med.

Ifølgje overvakingssjef Steinar Karlsen bur det framleis fleire personar i Bergen som PST meiner tilhøyrer det same miljøet.

— Vi har følgd dette miljøet ganske nøye over lang tid. Vi veit at det bur fleire i Bergen som har band til Ansar al-Islam og mulla Krekar, seier Karlsen.

Han vil ikkje svare på om PST på Vestlandet har vore involvert i saka som nå pågår i Sverige.

— Det kan eg ikkje kommentere. Men eg kan stadfeste at vi blir haldne orientert, via den sentrale eininga vår i Oslo, som igjen har kontakt med Sverige, seier Karlsen.