Dei fleste trugsmåla var retta mot to av legane. Kvinna er dømt for å ha prøvd å stikke legane med knivar og gaflar ei rekke gonger. Jula 2001 måtte ein av legane regelrett dra ut telefonkontakten på grunn av terroren, sjølv om han trong telefonen i heimevakta si.

Då miltbrann-terroren var på sitt høgste, sendte ho brev med kvitt pulver adressert til legane. Breva vart stoppa av Posten. Retten har ilagt kvinna minst eitt år og inntil fem års forvaring.

Overfor politiet har ho sagt at ho er fast bestemt på å ta livet av NN (namnet på legen) ein dag, og retten ser drapstrugselen som vedvarande og stadig aktuell.