— Siste månadene har vore heilt for jævlige, seier Førde til Fjordenes Tidende.

- Frykteleg tøft

bt.no og Bergens Tidende har ved fleire høve skrive om den veldige striden kring trasévalet gjennom Bremanger for den gigantiske 420 kV kraftlinja frå Fardal i Sogndal til Ørskog ved Ålesund.

Etter at olje— og energiminister Ola Borten Moe avgjorde å flytte linja gjennom Ålfoten frå Førdedalen til Myklebustdalen, enda det med bitter strid mellom grendene i bygda.

— Siste halvåret har vore frykteleg tøft, seier Førde.

Han fortel om ei kone som i periodar har vore sjukmeld, og ei dotter som nekta å gå på skulen på grunn av den hatske stemninga i bygda.

— Vi kan ikkje ha det slik lenger, seier han.

- Helvete på jord

Lokalavisa skriv i dag at Førde alt har flytta til Florø. Buskapen er slakta, og andre slår innmarka.

Ekteparet dreg saman med dei to minste ungane. Reiser gjer også ei eldre dotter, svigersonen og deira to små.

— Eg skulle nok ha levd med striden, men eg er ikkje åleine. Siste halve året har meir eller mindre vore eit helvete på jord, og slik kan vi ikkje ha det, seier Terje Førde.