Bygginga av Askøy Terapibad kan starta opp i februar/mars neste år som følgje av at finansieringa nå ser ut til å vera sikra.

Askøy Terapibad har fått melding om ein million kroner i støtte frå Extra-lotteriet som blir drive av Stiftelsen for norske helse— og rehabiliteringsorganisasjonar.

— Badet vil i periodar vera open for alle, men målgruppa er folk som er plaga av kroniske sjukdomar, revmatikarane, eldre og funksjonshemma, seier styreleiar i stiftelsen Askøy Terapibad Guri Titlestad, til bt.no

— Spesielt revmatikarane og hjartepasientar har god nytte av det varme vatnet. For mange er det avgjerande med eit slikt terapibad for å kunne gå i arbeid, meiner Titlestad.

Badet blir på Furuly på Erdal og Titlestad håper det står ferdig i byrjinga av 2003.

Styreleiar Guri Titlestad seier til Kystradioen at sjølv om ikkje Askøy kommune har gitt tilsegn om støtte til investering, reknar ho med at kommunen vil kjøpa tenester frå Askøy Terapibad.

Badet vil kosta 16 millionar kroner, og i tillegg til støtte frå Stiftelsen Furuly, Lions Club Askøy og Revmatikerforeningen Askøy, må det takast opp eit lån på sju millionar kroner for å få realisert terapibadet.

ASKØY I 2003?: Dei magiske kildene på Azorene fristar. No kan snart askøyværingane boltra seg i varmt vatn i Askøy Terapibad på Erdal på Askøy. (Foto: Scanpix)