Rundt klokka åtte fredag morgon fekk politiet i Hyllestad, Sogn og Fjordane melding om at kantinebygget på Skipsverftet Havyard Leirvik AS var forsøkt påtent.

– Det er heilt tydeleg at det er ei bevisst handling. Det ligg restar av brennbart materiale inntil veggen, og vi trur også at det er blitt brukt ei form for brennbar væske, seier Egil Husabø, lensmann i Hyllestad.

Ser alvorleg på saka

Han var på staden fredag morgon for å etterforska saka, og seier politiet ser alvorleg på hendinga. Restane av det tekniske materialet er sendt til Kripos for analyse.

– Når nokon med vilje prøver å brenne ned eit hus er det sjølvsagt alvorleg, seier Husabø.

Den veggen av kantina som vart forsøkt påtent er kraftig brannskada, men brannen sløkte av seg sjølv og utvikla seg ikkje.

– Vi skjøner ikkje kvifor nokon har gjort dette, og har ikkje noko mistanke om motiv eller personar som kan ha vore involvert i dette, seier Husabø.

– Det er vel kanskje ein forstyrra person som har prøvd seg på noko utan å ha noko meining med det, spekulerer lensmannen.

Kjente brannlukt

Rundt 200 personar bur i brakkar på skipsverftet på det meste, noko som gjer det særleg vanskeleg for politiet å få oversyn over situasjonen.

– Det er eit lite samfunn i seg sjølv, og med så mange personar veit ein aldri heilt kva som foregår. Det kan vere ting vi ikkje veit, seier Husabø.

Politiet ventar no til etter helga med å avhøre potensielle vitner.

– Vi håpar sjølvsagt at noko skal kome fram, men så langt tyder det ikkje på at nokon har sett noko.

Politiet trur eldspåsetjinga kan ha skjedd i to-tida om natta.

– Vi har eit vitne som seier at han kjende brannlukt i den tida, utan at han tenkte noko meir over det, seier Husabø.

Politiet er særs interesserte i informasjon frå publikum i saka.