— Det viktigaste var ikkje ungdommen, men pengane, seier tidlegare tilsette.

— Eg opplevde at vi tok imot ungdom vi ikkje hadde komeptanse til å handtere, ungdom som sleit med rus og store pysikiske problem. Men det var ikkje så nøye dersom vi berre tente pengar på dei, seier sosionom Sigrid Lerum. Ho var avdelings- og personalleiar i Kuba AS fram til november 2000. Då sa ho opp i protest mot måten dagleg leiar og hovudaksjonær Kjell Didrik Helgesen (48) dreiv selskapet på.

— Konseptet til Kuba AS var godt, og mange husvertar gjorde ein god jobb. Men måten det vart drive på gjorde at eg ikkje ville vere med lenger, seier Lerum.

Åtvara fylkeskommunen

Kort tid etter sa også ein annan tilsett, Joachim Brodtkorb, opp. - Det var berre snakk om å tene pengar. Då blir det noko feil med etikken, seier Brodtkorb, som slutta i sommar etter eit halvt år i selskapet.

Lerum, Brodtkorb og fire andre tidlegare tilsette oppfatta det som pågjekk i Kuba AS som så alarmerande at dei sende ei skriftleg åtvaring til Hordaland fylkeskommune og bad om eit møte. Det fekk dei.

— Vi bad barne- og familiekontoret følgje nøye med, og meinte at tilbudet til ungdommane var ustabilt - blant anna på grunn av store utskiftingar blant dei tilsette, seier Brodt-korb.

Fylket tok ikkje affære

Den kraftige åtvaringa fekk tilsynelatande ingen konsekvensar. Fylkeskommunen heldt fram med å kjøpe tenester for store summar av Kuba AS. Det skjedde trass i at fylkeskommunen sjølve hadde vore sterkt kritiske til tilbudet dei 14 ung-dommane fekk.

Først då heile selskapet gjekk i oppløysing innanfrå på grunn av massive oppseiingar rett før jul, sette fylket kroken på døra.

— Eigentleg hadde eg venta at dette ville hende. Eg er glad eg slutta før det kom så langt, seier tidlegare personalsjef Sigrid Lerum.

Likna for 1,2 millionar kroner

Barnevernspedagog Kjell Didrik Helgesen (48) var dagleg leiar i selskapet fram til 1. april i fjor. Og sjølv om årsreknskapen for 2000 viste eit driftsunderskot på 400.000 kroner, visste Helgesen sjølv å ta seg godt betalt: «Lønn til daglig leder er utbetalt med kr. 762.040. I tillegg kommer fri bil», heiter det i notene til 2000-reknskapen for Kuba AS. Året før, i 1999, vart Helgesen likna for ei årsinntekt på 1,2 millionar kroner.

Inntektene til selskapet kom frå Hordaland fylkeskommune, som i fjor betalte selskapet 11,7 millionar kroner for å ta vare på 14 ungdommar som ikkje greier seg på eiga hand.

Helgesen eig 79 prosent av aksjane i selskapet, og er i dag einaste registrerte styremedlem. Han er også tilsett i Kuba AS.

Då Bergens Tidende tidlegare denne veka snakka med Helgesen for å få eit intervju, ville han tenkje seg om ein time før han svarte på spørsmål. Sidan har han ikkje vore å få tak i på telefonen.