Pengane gjekk inn til morselskapet Norsk Hydro i Oslo.

Det er Sogn og Fjordane fylkeskommune som presenterer tala i ei pressemelding på sine nettsider.

— Dei siste ti åra har vore gullkanta for Hydros aluminiumverk i Sogn, heiter det. Hydro planlegg no å stenge ned deler av produksjonen på dei to industristadane fordi dei ikkje tener nok pengar.