Mannen som bladde opp med dei store pengane, og no eig hytta, angrar bittert. Det går ikkje an å bu der.

Historia byrjar med at ein mann med handicap ville selja hytta si i Ullensvang til ein kvinne som var heimehjelp hjå han. Ho oppfatta det som eit gåvesal etter eit pleiar/pasienttilhøve og takka nei. Men så melde ei venninne i nabolaget seg interessert. Saman med ektemannen kjøpte ho hytta for 60.000 kroner.

Vona på det beste

Etter ei tid fann dei ut at hytta var i så dårleg forfatning at dei ikkje hadde råd til å setja henne i stand. Dei lyste hytta til sals, smurde til med ei prisantydning på 200.000 kroner og vona på det beste. Overraskande nok, fekk dei eit bod på 225.000 kroner, og slo til.

Heimehjelpa forlangte no 50.000 kroner av venninna for at dei framleis skulle vera vener, og fekk utbetalt 30.000 kroner til sydentur.

— Forkjøpsrett

Ekteparet sin suksess på eigedomsmarknaden gjekk heller ikkje den tidlegare eigaren hus forbi. Han gjekk til erstatningssak mot ekteparet med påstand om avtalebrot. Han hevda å ha avtalt at heimehjelpa skulle ha forkjøpsrett for 60.000 kroner ved eit eventuelt vidaresal. Utan favorisering av heimehjelpa, ville han ha 100.000 kroner meir for hytta, med innbu.

Ekteparet vart også skulda for å ha motteke halve salssummen under bordet.

Voss tingrett uttalar at den påståtte forkjøpsretten ville vore «eit svært tyngjande hefte», som normalt vert avtala skriftleg. Seljaren har ikkje ført godt nok prov for påstanden. Difor vert ekteparet frifunne og tilkjent sakskostnader, nesten like mykje som dei kjøpte hytta for.

Retten slår fast at ekteparet har tent bra på handelen, men det kan i seg sjølv ikkje vera avgjerande. Det har først og fremst gått ut over den nye kjøparen, ikkje saksøkjar, seier retten. Ein takstmann fann store roteskader og reknar hytta som kondemnable, med negativ verdi.