— Dei er ute etter ei oppleving. Vi skaffar det dei spør etter, båttur, servering og gjerne program undervegs, seier skipsmeklar Erik Lofsnes. Firmaet hans, Maritime Tours, selde fjordturar for 10,6 millionar kroner dei seks første månadane i år. Han ordna med båttur på fjorden for 400 ulike firma.

Lofsnes eig ingen fartøy, han kjøper ledig kapasitet på ei rekkje ulike båtar som er heimehøyrande i Bergens-området. Han skaffar oppdrag til veteranbåtane, seglskutene, små og større turbåtar, snøggbåtar og ferjer. Alt etter kva behov kunden har.

Omsettinga i selskapet har auka med vel 35 prosent frå første halvår i fjor. Erik Lofsnes har all grunn til å smila.

— Eg har ein nokså grei økonomi, ler han og fortel at han i grunnen ikkje ønskjer at pågangen etter båtturar skal bli så mykje større. Mesteparten av jobben gjer han sjølv, han leiger berre inn ein medarbeidar tre månader i året. Overskotet hans i fjor var litt over ein halv million før skatt.

I tillegg til firmaturar og faste ruter leiger mange båt når dei skal feira diverse jubileum. Mange feirar brudlaup på fjorden, blåturar til sjøs er populære, det same er flytande julebord. Pensjonistane likar godt å reisa med dei gamle fjordabåtane.

— Og dei spør alltid etter rabatt, ler Erik Lofsnes. Elles synest han bergensarar flest er ganske trege når det gjeld å ta seg båttur på fjorden.

— Dei ser på båtane og seier dei har lyst, men dei må tenkja på det i tre år, minst, og så må dei alltid ta atterhald om veret, seier han.