Resultatet etter skatt vart på 191,3 millionar kroner mot 171,8 millionar kroner i 2004.

— Omsetnaden auka med 50 millionar kroner i 2005. SKL har gjennom fleire år arbeidd aktivt med å realisera ny vasskraftproduksjon, seier økonomisjef Odd Terje Waldal.

Han trur produksjonen vil auke i åra som kjem.

— Selskapet arbeidar aktivt med konkrete småkraftprosjekt i regionen, og deltek dessutan i utviklinga av vasskraftressursane i Sauda gjennom sin eigardel i Saudefaldene AS.

Dei største eigarane i SKL AS er Haugaland Kraft med 40 prosent av aksjane og BKK med 33 prosent. Styret foreslår at det alle meste av overskotet vert delt ut som utbytte. Haugaland Kraft får 76,3 millionar kroner, medan BKK får 63 millionar. Stord kommune er einaste kommunale eigaren. Kommunen får fire millionar i utbytte for 2005.

SKL betalte 164 millionar kroner i skatt og avgifter i 2005. Staten fekk mest med 120 millionar, men det dryp og litt på kommunane der SKL har kraftanlegg. Mest fekk Kvinnherad med 30 millionar, Eidfjord fekk sju millionar medan Fusa fekk 2,7 millionar kroner.