Stiftinga (B12), som eig alle aksjane i Bevital AS, er skipa av forskarar som då var tilsette ved Haukeland og universitetet.

På begge sider av bordet

— Det er ikkje tvilsamt at sjukehuset har betalt grov overpris for dette arbeidet. Tala tyder på ein driftsmargin på 50 prosent, sa styremedlem Sigurd Hille då avgjerda fall i Helse Bergen sitt styre.

— Det er ikkje uheiderleg å tena pengar, men her har nokon site på begge sider av bordet, sa Hille.

Assisterande direktør Stener Kvinnsland opplyste at det ikkje er sjukehuset, men Rikstrygdeverket, som har betalt for analysane. Sjukehuset har fått 20 prosent av inntektene.

Internrevisjonen har stilt seg kritisk til ordninga, og Helse Vest har gitt klar beskjed: Anten må analysearbeidet konkurranseutsetjast, eller så må Helse Bergen gjera arbeidet i eigen regi. Med dansk assistanse har føretaket bestemt seg for det siste.

Nittitalssynd

Samrøret mellom sjukehuset og nokre tilsette sin private butikk, skriv seg frå 1990-talet. Då var dei aktuelle forskarane sentrale i utvikling av nye analysemetodar. I 1994 hadde dei klar ein metode for analysering av matylmalonsyre (MMA), men sjukehuset hadde ikkje pengar til å investera i turvande utstyr. Forskarane vart tilrådd å organisera analyseverksemda i si eiga stifting. Den fekk namnet «Stiftelsen for fremme av forsking innen funksjonell vitamin B12-mangel», ofte forkorta til «B12-stiftinga».

I januar 2002 vart samarbeidet mellom stiftinga og sjukehuset avtalefesta, utan utlysing. I 2003 skipa stiftelsen eit aksjeselskap som overtok analysearbeidet. Tilleggsavtale som formaliserer dette, vart inngått 23. desember 2003, framleis utan utlysing.

Styret for Helse Bergen vedtok måndag nye retningsliner som avgrensar tilsette sin rett til å ha jobb, eigarskap eller tillitsverv i private helseføretak.

God butikk

Bergens Tidende hadde i november 2003 ein reportasjeserie om B12-stiftinga, som alt då disponerte 100 millionar kroner.

Dei kunne ha tent seg søkkrike. I staden gav forskargruppa frå seg retten til ei gullgruve, heiter det i ingressen.

Stiftinga deira forvaltar pengane til nye forskingsprosjekt.

Men artikkelserien fortel også at ein av grunnleggjarane meinte at pengane med rette tilhøyrde Universitetet i Bergen, og burde overførast dit. Advokaten hennar hevda at pengane er opptent gjennom arbeid som i stor grad er utført av UiB-tilsette innanfor vanleg arbeidstid.

Vedkomande miste snart plassen sin i styret.

Kalkylane for eit nytt laboratorium på Haukeland i dag viser inntekter på 8,6 millionar kroner årleg. Driftskostnadene er rekna til 3,7 - 4,6 millionar kroner, medrekna avskriving på investeringane. Bygg og utstyr kortar inn til åtte millionar kroner. Driftsmarginen blir dermed mellom 4,2 og fem millionar kroner. Styret går inn for å innarbeida postane i 2007-budsjettet. Sannsynleg oppstart for MMA-analysar i eigen regi er våren eller sommaren 2007.

Arne Hofseth