Feite rumper med krølla hale dansar langs produksjonslina i slakteriet Fatland Ølen AS. Snitt, kutt og kapp. Innvollar veltar ut. Frambein blir kappa. Så ventar Arman Urbani med kløyvesaga.

— Det er ingen som vil ha feitt i Noreg, men ute vil dei ha det, seier dagleg leiar Svein Fatland.

Labbar, hovud og spekk. I Noreg har desse delane av grisen snarare blitt dyrefôr enn menneskemat. I utlandet er dei delikatesser, ifølgje slakterisjefen.

Han viser rundt i slakteriet som denne veka førebur ei last med 75 tonn griselabbar og hovud til Kongo.

Indrefilet, men bein til jul

Eksportmarknaden tok for alvor av i vår. Til no i år har Fatland AS, med slakteri i Ølen, Oslo og på Jæren, eksportert 900 tonn svineslakt til ein verdi av drygt åtte millionar kroner. Adressatane er i Russland, Vietnam, Japan, Ghana, Elfenbenskysten, Kongo og Danmark.

— Potensialet er stort, seier eksportsjef Frederico Ferrannini i Fatland AS.

Selskapet jobbar no målretta med å få opna nye marknader. Svinetarmar og magar kan bli det nye.

  • I Kina og Japan nyttar dei dette i suppe, seier eksportsjefen.

Som brasilianar kan han ikkje anna enn undra seg over oss nordmenn.

  • De et indrefilet heile året, men til jul et de bein.
  • Utlendingane kjøpar kjøtet som er rikt på protein. I Noreg har me lita forståing for slikt, seier slakterisjef Fatland.

- Manikyren i orden

Naken og barbert kjem grisane ut av ei diger maskin. Der står Nils Otto Øverland klar med kniv. Han skjer føter som om det var smør. 600 labbar på ein dag. Fine føter hamnar i ei kasse.

— Og der hamnar dei som ikkje har hatt manikyren i orden, ler klassifisør Bjørn Sverre Vågen og peikar på nokre brune stubbar.

Slakteriet med 250 tilsette har 140 arbeidarar frå 18 ulike nasjonar. Einaste kvinne som deltek i slaktinga er Heidi Mortensen. Den spede dama røskar ut innvollar og reinskar griseskrottar med rutinerte grep.

— Ho gjer ein imponerande jobb. Det der er tungt arbeid, kommenterer Svein Fatland.

- Slankehysteri

Han er glad for den nye internasjonale marknaden og ser at det kan gje slakteri og norske svinebønder heilt nye moglegheiter.

— Her i Noreg har me opplevd å måtte gå mykje ned i pris eller selja til dyrefôr. Me får langt betre pris ved eksport.

  • Men kva gjer utlendingane med slike berg av feitt og grisehovud?
  • Det går til ulike pølseprodukt og posteiar. Dei kokar kraft på kjøtet og sel det attende til Noreg som proteinrike tablettar. Etter mitt hovud er dette heilt galt, men slik er det blitt, seier Fatland.

Han trur redsla nordmenn har for feitt skuldast slankehysteri, og minner om at enkelte slankeråd går ut på at folk treng noko feitt.

  • Korleis kan du som sel kjøt opptre som slankeekspert?
  • Du skal berre sjå at om nokre år blir eg det, ler Fatland.

- Pengepressen

Slakterisjefen fryktar at kunnskap om kjøt og gamle kokkekunstar er i ferd med å gå tapt.

— Dei gamle sa alltid at det beste kjøtet var i kvar ende på dyret. I dag kan folk snart berre laga mat av kjøtdeig og indrefilet.

I eit hjørne av slakteriet står beviset. Kjøtdeigmaskina har så langt i år spydd ut 3100 tonn firkanta strimla kjøt.

— Er dette pengepressa?

  • Det er det desidert største produktet vårt, ja.
Christiansen, Roar
Christiansen, Roar