TERJE ULVEDAL

ODDLEIV APNESETH (foto)

Gevinsten på å redusere ferjetilbodet på Mannheller — Fodnes i Indre Sogn kan bli bortimot 100 millionar.

— Eg blir så forbanna at eg kan sprekke, seier Magne Ahlin, dagleg leiar i Slinde Transport, storbetalar av bompengar og storbrukar av sambandet.

Frå nyttår tek ein ny anbodsperiode til å gjelde på Mannheller - Fodnes. I alt åtte tilbod er leverte inn for å drive sambandet på riksveg 5 i åtte år framover.

Billegast er Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (FSF). Ved å ta vekk den eine av dei to ferjene, kan sambandet drivast med overskot. Dei tilbyr seg difor å betale 70 millionar kroner til staten for å få trafikkere ferjestrekninga. I det dyraste anbodet, der dagens to ferjer blir oppretthalde, må staten betale nær 28 millionar. Skilnaden for den norske statskassen er altså bortimot 100 millionar kroner.

Urettferdig

Det nye trafikkknutepunktet i Indre Sogn blei opna i 1995. I åra før var det bygt veg utover langs Årdalsfjorden og tunnel frå Lærdal. Sambandet er finansiert med bompengar, som i dag blir kravd inn på ferja mellom Mannheller og Fodnes. I tillegg gjekk også kommunane Årdal, Lærdal og Aurland inn. Årdal selde kraftstasjonar til Hydro, og brukte 80 millionar for å få bygt riksvegsambandet.

Etter at kommunane først sponsa og brukarane deretter har betalt bompengar i årevis, kan staten ved å velje det billegaste og dårlegaste alternativet for brukarane sko seg på heile bompengeanlegget.

— Dette er så urettferdig at det går berre ikkje an, seier Magne Ahlin.

I følgje den daglege leiaren i Slinde Transport vil eit redusert tilbod få dramatiske konsekvensar. I dag går ferjeavgangane kvar halve time på dagtid, og kvar heile time om natta. Med ei ferje blir det færre avgangar på dagtid. Og på natta kan ventetida på det meste bli to og ein halv time.

Sterke reaksjonar

— Kvar natt køyrer vi for Tollpost Globe frå Oslo til Førde. I Førde står 15 transportørar klare til å levere varene vidare utover i heile Sunnfjord. Utan jamnlege ferjeavgangar om natta vil dette opplegget sprekke. Det er noko kundane vil få merke. Dette er det same for alle andre store transportørar. Vi er avhengige av at det i alle fall er timeavgangar på natta, seier Ahlin.

Signala om kutt i sambandet har skapt sterke reaksjonar i Indre Sogn. Leiar av Sogn regionråd, Knut O. Aarethun, seier staten med eit handslag no er i ferd med å endre spelereglane frå då bompengesambandet blei bygt.

— Dersom dette blir gjennomført vil det setje heile regionen fleire år tilbake i tid. Det viser at alt preiket om kor viktig det er å få eit velfungerande næringsliv og attraktive bu- og arbeidsområde i distrikta, ikkje er noko anna enn preik. Staten må gjere spare pengar og effektivisere, men dei bør ikkje la det gå utover brukarane, seier Aarethun.

Tre anbydarar

Etter det Bergens Tidende kjenner til at tre selskap meldt si interesse for å drive ferjesambandet i Indre Sogn. I tillegg til FSF er det Fosen Trafikklag og HSD i samarbeid med Stavangerske.

Gjennom utlysingspapira har Statens vegvesen signalisert at dei kan kome til å gå inn for å redusere talet på avgangar, og bedt anbydarane kome med ulike tilbod. Det skal vere minimum 35 avgangar i døgnet. I tillegg skal det maksimalt vere to og ein halv time ventetid om natta. Dei tre tilbydarane har dermed lagt inn åtte tilbod.

— Vi forheld oss til dei signala vegvesenet har kome med, og har levert inn tre ulike tilbod. Det eine har ei einferjeløysing, det andre er med to ferjer som i dag og det tredje er ein mellomting, opplyser ferjesjef Svein Solheim i FSF.

Innan to månader skal Statens vegvesen kome med si tilråding. Deretter blir det opp til Vegdirektoratet å avgjere kven som skal få tilslaget, og dermed også avgjere kva frekvens det skal bli på avgangane.

MF «FODNES»: Gevinsten på å redusere ferjetilbodet på Mannheller - Fodnes i Indre Sogn kan bli bortimot 100 millionar.