Tett inntil autovernet står ei klynge gravlys og blafrar i oktobermørkret, omkransa av langstilka roser. Blomane ligg tett i tett oppå den våte asfalten, som om dei prøvde å varme kvarandre.

Minnestunda for den omkomne 32-åringen er nettopp avslutta. Men lysa kjem til å brenne for han i heile natt.

Tre tynnkledde, hutrande ungdommar står stille i regnet. Dei skal med neste ferje til Valestrand.

— Det er forferdeleg, det som har skjedd, seier dei.

Regnet renn som små elvar mellom lys og roser. Bygdekinomaskinist Eli Aasheim parkerer bilen litt bortanfor, og stig ut. Ho har vist film på Trengereid i kveld, og er på veg heim.

— Eg såg lysa, vart nysgjerrig og svingte nedom. Eg kom forbi søndag også, berre ti minutt etter at ulykka skjedde. Det var frykteleg trist.

Det skal etter forholda stå bra til med sambuaren, faren og dei øvrige etterlatte til den omkomne 32-åringen, opplyser ein ven av familien til BT.