Hanne Kristine Fridtun vart tidlegare i år vald til fylkesleiar for AUF i Sogn og Fjordane, og var ferdig med første året på sjukepleiarhøgskulen.

Markerte med bålbrenning

Fredag kveld markerte prest Kjetil Netland tragedien under olsokgudstenesta i Oppstryn, kyrkjekrinsen den drepne jenta sokna til.

Etterpå var det tradisjonell kyrkjekaffi nede ved Strynsvatnet, i år med bålbrenning for å markere tapet og sorga over Hanne Kristine. Bålet var godt synleg frå grenda Flo på andre sida av vatnet, der familien hennar bur.

— Kan sjå bålet

— Vi hadde ei gudsteneste for fred og samhald, Sjølv om det ikkje var nokon eigentleg minnetale for Hanne Kristin under gudstenesta, var det naturleg å seie nokre ord om vår jente oppe i dette som har råka nasjonen, seier prest Kjetil Netland.

— Og etterpå veit vi at familie og vener på andre sida av vatnet kan sjå bålet vårt. På den måten signaliserer vi at vi er der for dei, og at vi tenkjer på dei.