Tingretten på Vestlandet har dømd tenåringen til 18 månader fengsel. Straffa er gjort på vilkår. Ungguten slepp dermed å sone, så sant han ikkje gjer nye lovbrot i ein prøveperiode på to år.

Guten, som var 15 år då han gjorde overgrepa, budde i ein fosterfamilie. Dei to ungane han forgreip seg på, var barna til fosterforeldra.

Frå dommen kjem det fram at tenåringen fekk eit nært forhold til dei to fostersøskena. Overgrepa pågjekk over fleire månader i heimen. Fleire av overgrepa skjedde i situasjonar der tenåringen leika med eller las for ungane.

Under rettssaka tilstod guten utan atterhald overgrepa han stod tiltalt for. I ytterlegare formildande retning har retten lagt vekt på at tenåringen har hatt ein svært vanskeleg oppvekst og barndom. Han har levd eit omflakkande liv både mellom stader, skular og fosterfamiliar. Han var dessutan så vidt passert 15 år, grensa for den kriminelle lågalder, då overgrepa tok til. Etter at overgrepa blei kjende måtte han flytte frå fosterheimen, og han lever no under strengt tilsyn.

I tillegg til fengselsstraff på vilkår, må guten også betale oppreisning med 40.000 kroner til kvar av dei to ungane.