Det er dyrt å ringe heim dersom du er innlagt på norske sjukehus. Særleg dersom du er så sjuk at du må ligge, og operatøren av korttelefonen ved sjukesenga heiter Telenor.

På Førde sentralsjukehus er slike samtalar ekstremt dyre. Berre ved å bevege deg nokre få skritt ut til telefonautomaten i korridoren får du samtalen til halve prisen.

Dobbel pris frå senga

— Det er veldig urettferdig at det er så dyrt å bruke telefonen her på rommet. Telekorta blir brukt opp veldig fort, seier Dagny Klokkernes frå Askvoll. 80-åringen er innlagt på ortopedisk avdeling ved Førde sentralsjukehus, der ho vart hofteoperert for ei veke sidan.

Klokkernes er blant fleire pasientar som er opprørt over Telenor, særleg sidan det er dei aller sjukaste - dei som må halde senga - som må bruke den dyre telefonen.

Bergens Tidende testa skilnaden mellom sengetelefonen og automaten i korridoren utanfor pasientromma. På telefonen ved pasientsenga gav eit 40-kronerskort seks minuttars samtaletid. Frå telefonen i korridoren fekk vi 12 minuttar ut av eit tilsvarande kort, altså dobbelt så mykje for pengane.

Operatør for korttelefonane heiter i begge tilfelle Telenor.

Telenor dyrare også i dag

På toppen av dette er pasienttelefonen i Førde innretta slik at du kan misse tellarskritt også når du ikkje får kontakt. Sengetelefonen startar nemleg å ta tellarskritt når det har ringt 40 sekundar utan svar.

Informasjonssjef Atle Lessum i Telenor Norge forklarer selskapets prispolitikk slik: - Skilnaden er at den eine automaten står i eit fellesareal, og blir mykje brukt. Den andre står ved ei enkeltseng, og genererer langt mindre trafikk, seier Lessum.

Likevel vedgår Lessum at avtalen Førde sentralsjukehus har med Telenor, er for dårleg og dyr for brukarane.

— Førde var blant dei første sjukehusa som fekk korttelefonar ved kvar pasientseng. Desse tidlege avtalane er i ferd med å gå ut, og vi vil no tilby nye avtalar med lågare takstar, seier informasjonssjefen.

Han kjenner ikkje til kor mange norske sjukehus som enno sit med dei gamle, rådyre Telenor-avtalane for pasienttelefonar.

— Men du må få med at det uansett er heilt normale takstar på inngåande samtalar til desse telefonane, seier informasjonssjefen i Telenor Norge.

Haukeland med ny avtale

Uansett om Telenor meiner dei har fått betre vilkår på dei avtalane dei tilbyr rundt om på sjukehusa i dag, så har selskapet stadig problem med å konkurrere på pris.

— Det burde vel ikkje vere eit problem for store Telenor?

— Vi har sett dei prisane vi meiner er reelle for denne tenesta, og kan ikkje svare på kvifor andre går lågare enn oss, seier Lessum.

For i framtida vil det bli billigare for pasientar å ringe ut frå sjukehusa.

Haukeland universitetssykehus har no forkasta Telenor og har for sine 1050 sengetelefonar inngått ein femårig avtale med selskapet IKT-Tjenester, som samarbeider med Tele Danmark.

— Avtalen er billegare både for oss og pasientane våre, seier driftssjef Sverre Tinjar ved Haukeland. - Med dagens trafikk på desse telefonane ville det kosta sjukehuset ein halv million ekstra å bruke Telenor, som også har ein mye høgare startkostnad på samtalane.

Ved Førde sentralsjukehus går den dyre Telenor-avtalen ut i vår, og sjukehuset skal ha ny avtale for sine 270 sengetelefonar.

— Vi vil blant anna vurdere å henge oss på den avtalen som Haukeland har, seier driftssjef Anders Bergset i Førde.

DYR TELENOR-TELEFON: 80-årige Dagny Klokkernes frå Askvoll er nyleg hofteoperert, og synest det er svært urettferdig at sengetelefonen skal vere dobbelt så dyr å bruke samanlikna med den telefonen som står i korridoren utanfor.