Sambuaren fekk varsla politiet, og ba heile drosjeflåten på Voss leita etter privatbilen hans. I denne køyrde Aalvik rundt med den trugande svogeren, vepna med kniv.

Raudt skaft

Det enda med tragedie. Dei fann ikkje kona til tiltalte, og Kari Aalvik måtte bøta med livet. Lagmannsretten fekk høyra om skrekkopplevinga då Aalvik sin sambuar og kolleger ved drosjehaldeplassen vart ført som vitne i går.

To videoopptak av dommaravhøyrt vart avspela i retten. Sonen til sambuarparet, som ikkje hadde fylt ti år då mora vart drepen, fortalde at onkelen truga med «ein kniv med raudt skaft som var veldig kvass».

Professor Inge Morild stadfesta at såra kan høva med ein vanleg tollekniv av det slaget som snikkarar brukar. Bladet må ha egg berre på eine sida, og vera lengre og breiare enn tiltalte sin Leatherman-kniv. Drapsvåpenet er ikkje funne.

Fokus på rus

Meir fokus på rus, og skilje mellom medikament-rus og sjølvskulda alkoholrus pregar vitnehøyringane i lagmannsretten, samanlikna med heradsrettsaka på Voss i fjor.

Kor sterkt var den no 50-årige drosjesjåføren rusa og kva var han rusa på, er stadig tilbakevendande tema både frå aktor og forsvarar. Nye vitne er stemna for å kasta betre lys over dette, men dei har vanskar med å hugsa detaljar to og eit halvt år attende i tid. Alkohollukt er eit haldepunkt, men elles veit ikkje vitna skilnad i åtferdsmønsteret ved ulike rustypar.

Advokat Odd A. Drevland, som har teke over forsvararrolla, signaliserte ved opninga av ankesaka ei strategiendring i denne retninga. Kor mykje han har drukke, til kva tid, kan avgjera om rusen var sjølvskulda.

Dei to legane som, utan å vita om kvarandre, gav tiltalte tilgang på store mengder valuim rett før drapet, skal vitna torsdag.