Elevbedrifta Storetveit skuleapp jobbar med å utvikle ein app som held styr på all informasjonen ein skuleelev treng. Appen skal gje elevar full oversikt over alt frå timeplanar, lekser og beskjedar til kva rådgjevingstenester som er tilgjengelege.

Skulekvardagen for dei fleste elevar er full av planar, informasjon og beskjedar. 9.-klassingane Nicolai Greve-Isdal Mohn, Didrik Aase, Petter Bellamy og Emil Harloff ved Storetveit ungdomsskule har erfart at det kan vere ei stor utfordring å ha oversikt til ei kvar tid. Difor skipa dei elevbedrifta Storetveit skuleapp.

— Å få tak i informasjonen på nettportalen Itslearning er tungvint og tek tid. No skal vi gjere informasjonen lett tilgjengeleg og tilpassa den moderne skulen, seier Greve-Isdal Mohn.

Enklare skulekvardag

Det viktigaste føremålet med appen er å gje elevane oversikt over all praktisk informasjon om skulekvardagen.

— Vi får informasjon på papir, gjennom munnlege beskjedar og på Itslearning. Med all informasjonen samla på mobilen blir det lettare å følgje med på timeplanen. Då slepp ein kome for seint til timen med feil bøker, seier Emil Harloff.

Gutane håpar også at appen vil senke terskelen for å oppsøkje rådgjevingstenester på skulen.

— Miljøterapeuten på skulen har kontor langt frå der elevane er til vanleg. Det heng det lapp med mobilnummer på døra, men det er nesten ingen som går dit og får vete om det. Appen vi skal lage vil hjelpe elevane sjå kva tenester som er tilgjengelege for dei og korleis dei kan finne fram til desse, seier Greve-Isdal Mohn.

Det tredje føremålet med appen er å spare papir, noko som vil kome både miljøet og skulen til gode.

Stort potensial

Førre veke hadde elevane i Storetveit skuleapp arbeidsveke hos byråd for barnehage og skule. I tillegg til å få ein smak av livet som politikar har dei jobba med å utarbeide skuleappen. Både byråden og politisk rådgjevar Håkon Berg har stor tru på prosjektet til elevbedrifta.

— Prosjektet er framleis i ein tidleg fase så det økonomiske aspektet må vi kome tilbake til, men dette er driftige gutar, og eg trur dei vil nå dei måla dei set seg, seier Berg.

Det er eit utruleg spanande prosjekt. Ideen er veldig god og har stort potensial Prosjektleiar i Evry, Roy Solberg

Elevbedrifta er også i dialog med IT-verksemda Evry om utvikling av sjølve appen. Dei er i ferd med å utarbeide eit konkret løysingsforslag med kostnadsramme som dei skal presentere for elevbedrifta.

— Det er eit utruleg spanande prosjekt. Ideen er veldig god og har stort potensial, seier prosjektleiar i Evry, Roy Solberg.

— Som far til tre har eg mykje erfaring med informasjonsbehovet i skulen. Å halde seg oppdatert via Itslearning til ei kvar tid er tungvint. Som forelder ville det vere ei stor forbetring å få på plass ei løysing på mobil, seier regiondirektør i Evry Bergen, Tor Erik Stakset.

I første omgang skal appen testast og evaluerast på Storetveit skule, deretter står Bergen og kanskje heile landet for tur, utan at gutane mistar bakkekontakt av den grunn.

— Først må vi sjå at det blir som vi har tenkt, så får vi ta dei store tankane seinare, seier Harloff.