Vegvesenet reknar med at den sterke veksten som har skjedd dei siste tiåra vil halda fram. Men Kurt Oddekalv er sterkt ueinig.

Dagens trafikk på gjennomsnittleg to tusen bilar i døgeret over Halhjem ferjekai vil auka til 4000 — 5000 bilar om nokre år, trur vegstyresmaktene. Denne prognosen er grunnlaget for dimensjoneringa av Halhjem nye ferjekai.

— Urealistisk, svarar Kurt Oddekalv i Norges Miljøvernforbund.

Oddekalv viser til fire forhold som etter hans meining vil føra til redusert trafikk på strekninga mellom Stavanger og Bergen i framtida: reduksjon i oljebasert verksemd, stagnasjon og tilbakegong innan fiskeoppdrett, tilbakegong i verkstadindustrien, og nye direkteferjesamband Bergen - Stavanger og Bergen - Danmark.

På denne bakgrunnen krev Miljøvernforbundet at det blir laga fleire alternative løysingsframlegg for ny ferjekai «som i størst mulig grad sparer Halhjemvågen, naustmiljøet og det landskapsmessige viktige Langeneset».