Senterpartiet vedtok søndag at dei vil påleggje sjukehusa i landet å endre sin praksis med utskriving av pasientar, og at dei ikkje lenger vil bøteleggje kommunar som ikkje tek imot utskrivingsklare pasientar.

Forslaget kom frå stortingsrepresentant Kjersti Toppe frå Hordaland.

Ho meiner samhandlingsreforma som blei innført i 2012 har gjort at sjukehus skriv ut pasientar for raskt. Blant anna peikar ho på ei sak i BT om ei 90 år gammal kvinne som døydde i ambulansen, etter å ha blitt sendt frå sjukehuset frå tredje gong på få månader.

— Det har vore fleire slike saker, og dette er eit varsku. Me vil ikkje få dette systemet til å fungere, og må tenkje annleis, seier Toppe.

Farlege økonomiske insentiv

Bøtelegginga Senterpartiet vil avskaffe går ut på at kommunane må betale ei bot på over 4000 kroner kvart døger dei ikkje tek imot pasientar som er definerte som utskrivingsklare frå sjukehuset si side.

— Det var ein risiko å innføre betalingsplikta, og erfaringane viser at denne delen av samhandlingsreforma ikkje har fungert. Då må me setje foten ned. Dette går ut over dei svakaste pasientane, seier Toppe.

Toppe meiner avgjersla om pasientar blir utskrivne frå sjukehus er blitt eit meir økonomisk spørsmål enn fagleg.

— Økonomiske insentiv kan vere farlege, og tala viser at dei ikkje fungerer her, meiner Toppe.

Går tilbake på eigen politikk

Samhandlingsreforma ho no kritiserer, var Senterpartiet sjølv med på å innføre då dei sat i regjering. Toppe meiner det må vere underordna.

— Me må forsvare pasientane, ikkje systemet.

Ho meiner ein heller må satse på å ruste opp kommunane for å gjere dei betre i stand til å ta imot pasientar som kjem frå sjukehuset.

— Eg trur framleis på intensjonen om at fleire pasientar kan behandlast i kommunane, men dei må få pengar og fagfolk til å takle den oppgåva.

Høie: Vurderer reforma

Toppe tok saka opp i Stortinget like før landsmøtet. Der svara helseminister Bent Høie at regjeringa er i gong med å vurdere korleis samhandlingsreforma fungerer.

Han meiner det pr. i dag ikkje er dokumentasjon for å hevde at betalingsordninga gjer at pasientar får uforsvarleg behandling, men Helsetilsynet gjennomfører for tida landsomfattande tilsyn med dette.

Meir til forsvar, og pepperspray mot ulv

Saka om betre utskrivingsprosessar er ein del av ein større resolusjon der Senterpartiet vil jobbe for å sikre eit desentralisert helsetilbod. Dei vil kjempe for lokalsjukehus med brei kompetanse og døgnberedskap, og vil avvikle helseføretaksmodellen.

På landsmøtet har Senterpartiet også vedteke resolusjonar om blant anna å seie nei til tvangssamanslåing av kommunar, eit styrkt lokalpoliti, betre integrering av asylsøkjarar, auke løyvingane til forsvaret og gjenopprette eit nasjonalt kornlager.

Dei vil også la folk som bur i område med mykje rovdyr skaffe seg pepperspray.