— Vi har eit stortingsvedtak å halda oss til. Der inngår det ferje mellom Tysnes og Os. Det betyr ikkje at vi korkje vil sjå eller høyra om andre løysingar for all framtid, seier Torill Vebenstad.

Ho er Hordaland Ap sin talsperson i samferdslesaker, og har sete i det fylkeskommunale samferdsleutvalet.

— Vi må ha ein intern diskusjon før vi bestemmer oss, seier Vebenstad.

Arne Jakobsen i Bergen Ap er meir avvisande.

— Vi må konsentrera oss om brua over Langenuen og vegen Rådal - Os på E39, og dei mange andre samferdsleprosjekta som er prioritert, før vi bringer inn nye, seier han.

Han nemner særleg Vossapakko og transportanalysen for Bergen.

— Og så må vi sjå oss rundt, og finna ut kvar det elles er trong for betre vegsamband, til dømes Sotrasambandet og i Nordhordland, seier Jakobsen.

Han meiner det kan vera klokt å halda på den ytre lina som stamveg (Kyststamvegen E39) og få til ein best mogeleg riksveg langs den indre via Fusa.

Dobbelkommunikasjon

— Eg er overgitt over kor villige næringslivet sine organisasjonar og nokre store verksemder er etter å få lov til å betala ekstraskatt, seier stortingsrepresentant Arne Sortevik, Frp.

— Dette samsvarar ikkje med det som vert hevda når delegasjonar kjem inn på Stortinget og klagar over høge skattar og avgifter. Her vil dei frivillig betala køyreskatt eller transportavgift. Ein underleg form for dobbeltkommunikasjon, kommenterer han.

— Eit utslag av resignasjon over treg vegbygging?

— Vanlegvis er det ei blanding av resignasjon og betalingsiver som driv fram bompengeprosjekt. I dette tilfellet må iveren etter å betala avgifter vera dominerande, seier Sortevik.

Han påviser at bilistane må betala alle ti milliardane i eit slikt timilliardarsprosjekt, minst. Det Staten yter, dekker knapt nok rentene i nedbetalingstida, kostnader med bompengeinnkrevinga, og bygging og riving av bompengebuene.

Sortevik meiner at dei som fremjar saka, snakka for fleire enn det er grunnlag for. Også andre må betala.

Forvirring

Om prosjektet er aldri så godt, er Sortevik uroleg når eit nytt prosjekt kjem på banen.

— Å bringa inn ny forvirring om prioriteringa, er på kanten til å vera politisk klønete, seier Frp-medlemen i Stortinget sin Transport- og kommunikasjonskomite.

Han er redd for at ein misser fokus på presserande opprusting av E39. Dessutan meiner han at dei håplause trafikktilhøva på Sotrasambandet må ha klar prioritet, langt framfor Hordfast.